Brjansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brjansk
Брянск
Den heilage grav-kyrkja
Den heilage grav-kyrkja
Byvåpenet til Brjansk
Byvåpenet til Brjansk


Plassering
Brjansk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Brjansk oblast
Grunnlagd 985
Borgarmeister Igor Aletsjin
Geografi
Flatevidd
 - By

186 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

416 200
  2 237,6 /km²
Koordinatar 53°15′″N 34°22′″EKoordinatar: 53°15′″N 34°22′″E
Høgd over havet 190 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 241000–241047
Retningsnummer (tlf) (+7)4832
Bilnummer 32
Nettstad: admin.bryansk.ru/

Brjansk (russisk Брянск) er ein by i Russland, om lag 379 km sørvest for Moskva. Han er administrativt senter i Brjansk oblast og har om lag 420 000 innbyggjarar (2007).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1146 i Hypatiuskrøniken som Debrjansk (russisk Дъбряньск, Дьбряньск).[1] Namnet kjem frå «дъбръ», eit slavisk ord for «grøft», «lågland» eller «tett skogområde».[2][3]. Området var kjend for dei tettteskogane, брянские леса, som det finst lite att av i dag. Lokale styresmakter og arkeologar meiner derimot at byen vart grunnlagd i 985 som ei festning ved høgresida av elva Desna.

Ein veit elles lite om Brjansk før mongolinvasjonen av Russland. Han var den nordlegaste av dei severianske byar til Tsjernigov-rurikidane. Etter Mikhail av Tsjernigov vart drepen av mongolane og hovudstaden hans øydelagd, flytta sonen hans setet til Brjansk. I 1310, då mongloane igjen plyndra byen, høyrte han til fyrstedømet Smolensk.

Olgierd av Litauen arva Brjansk i 1356 og gav han til sonen Dmitrij den eldre. Fram til slutten av hundreåret prøvde Jogaila, Vytautas, Švitrigaila og Georg av Smolensk alle å få tak på byen.

Storfyrstedømet Moskva erobra Brjansk etter slaget ved Vedrosja i 1503. Byen vart omgjort til ei festning og spelte ei viktig rolle i Problemtida. Peter den store innlemma i Brjansk i Kiev gubernija, men Katarina den store flytta byen til Orjol gubernija i 1779. Ho òg kunngjorde byvåpenet til Brjansk.

På 1600- og 1700-talet var økonomien til Brjansk, som då hadde vorte eit handelssenter, basert på Svenskaja-marknaden, den største i Vest-Russland. Marknaden vart halde kvart år med større frå Svenskij kloster. Etter at ein starta å produserer kanonar og ammunisjon i byen for den russiske marinen i 1783 utvikla Brjansk seg frå ein regional marknad til ein viktig industriby for metallurgi og tekstilar. Folketalet i byen steig over 30 000 i 1917.

I 1918 kravde Den kviterussiske folkerepublikken Brjansk, men byen vart erobra av bolsjevikane i 1919. Under den andre verdskrigen vart Brjansk okkupert av tyskarane (frå 6. oktober 1941 til 17. september 1943) og store delar av byen vart øydelagd under kampane. Om lag 60 000 sovjetiske partisanar var aktive i og rundt Brjansk og påførte den tyske hæren store tap. Like etter frigjeringa vart Brjansk det administrative senteret i Brjansk oblast (1944).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brjansk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hypatiuskrøniken
  2. Черных П. Я.: Историко-этимологический словарь современного русского языка. Москва, Русский язык-Медиа, 2004
  3. Смолицкая Г. П.: Топонимический словарь Центральной России. Москва, Армада-пресс, 2002