Brno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brno
Brno sett frå slottet Špilberk
Brno sett frå slottet Špilberk
Flagget til Brno Byvåpenet til Brno
Flagget til Brno Byvåpenet til Brno
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Sør-Böhmen
Grunnlagd 1146
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

230,2 km²
3 170 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

366 661
  1 593/km²
729 510
Koordinatar 49°12′″N 16°37′″EKoordinatar: 49°12′″N 16°37′″E
Høgd over havet 190 - 425 m
Diverse anna
Heimeside: www.brno.cz
Plassering
Brno (CZE) - location.svg
Byen Brno i Tsjekkia

Brno (tysk Brünn) er den nest største byen i Tsjekkia og ligg i den søraustlege luten av landet, der elvene Svitava og Svratka flyt saman. Byen er eit politisk og kulturelt sentrum for regionen Mähren med om lag 1 130 000 innbyggjarar. Byen er lokalisert på krossvegen mellom gamle handelsvegar, som knytte saman nord- og søreuropeiske sivilisasjonar i fleire hundreår.

Universitetet i Brno, Masarykova Univerzita, som er oppkalla etter Tomáš Garrigue Masaryk, vart grunnlagt i 1919 og har i dag om lag 30000 studentar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Etymologien til namnet er omstridd. Namnet stammar mest sannsynleg frå det gamle slaviske ordet brnie (mudder) eller brniti (å styrke). Ein alternativ forklaring stammar frå eit keltisk språk som vart brukt i området før det vart folkesett av slaviske og germanske stammar. Det finst likskapar med andre keltiske ord for høgd eller bakke, slik som det walisiske ordet bryn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til at det har eksistert busetnadar i Brno-området frå tida rundt Stor-Mähren, men først ca. 1021 vart det etablert ei borg her som er kjend som Stare Brno (Gamle Brno), og det er denne som gav namn til byen. I 1091 vert staden nemnd som landsby, og er kjend som setet til Prinsen av Premyslid. Rundt borga vart det etablert fleire marknadar, og frå 1200-talet strøymde utlendingar til byen. Tyskarar og nederlendarar etablerte seg rundt det som i dag er Náměstí Svobody. Eit jødisk kvartal vart oppretta ved den nedre delen av det som i dag er Masarykova-gata.

I 1243 vart Brno gjeve byrettar av den bøhmiske kongen, Vaclav I. Byen var på denne tida omgjeve av ei festning med fem portar; Měnín, Zidovská (Den jødiske porten), Starobrněnská (Gamlebrno Port), Veselá (Lystige Port) og Běhounská. Byen hadde då to kyrkjer (St. Peter og St. Jakob) og fleire kloster. Av dei ordenane som eksisterte i byen var mellom anna Dominikanarar, Cistersianarar og Benediktinarar. Spielberk Slott var ombygd til gotisk stil i løpet av dette hundreåret.

1300-talet vart byen setet for dei mähriske Margravane, og byen vart sterkt utvida med rundt 1000 bygningar og 11 000 innbyggjarar. Mykje av dette kjem av at byen hadde handelsprivilegium som gjorde at handelen med andre byar voks. I 1355 skriv byskrivaren Jan ned rettsreglane for byen, og desse reglane danna seinare ein mal for andre byar. Byen vart på denne tida leda av ein magistrat og eit byråd av 12 menn. Frå midten av 1300-talet vart byen senteret for Mähren-regionen sine samlingar saman med Olomouc. Desse samlingane avgjorde politiske, rettslege og finansielle spørsmål.

Under hussitarkrigane var byen tru mot Kong Zikmund og to gongar vart byen omleira (1428 og 1430) utan resultat. I 1454 utviste Kong Ladislav Pohrobek alle jødane frå byen og dei busett seg i den delen som i dag er Krenova-gata. Under regjeringstida til Kong Jiri av Podebrady støtta Brno hans motstandar Matthias Corvinus, som i Mähren var kjend som Kongen av Böhmen. Under begge borgarkrigane på 1400-talet stagnerte handelen.

På midten av 1500-talet flytta Brno seg mot protestantismen, som hadde fleirtal i bystyret. I eit forsøk på å re-katolisere byen kom det nye ordenar til byen. Dei med mest innverknad var jesuittane og cappucinarane. I denne perioden haldt innbyggjartalet seg stabilt på same nivå som det hadde vore i 200 år.

Saman med resten av Mähren kom Brno under det tysk-romerske riket og habsburgarane. I 1641 vart byen hovudstad i den austerrikske provinsen Mähren. I 1643 og 1645 klarte byen å motstå to svenske omleiringar, og på denne måten klarte Brno å gje den austerrikske keisaren sjansen til å omdisponere armeane sine og motstå dei svenske åtaka. Under åtaka på byen spelte den militære leiaren Radoit de Souches og jesuittpresten Martin Streda viktige roller. Som takk fekk byen fornya sine privilegium. Under trettiårskrigen vart Brno den einaste hovudstaden i Mähren, og var rekna som umogeleg å innta. Alle regionsmøte fann no stad i byen.

I 1742 prøvde Preussen å erobre byen, utan hell, og posisjonen til byen vart stadfesta i 1777 då byen òg vart eit bispesete. Det var i dette hundreåret at industri og handel for alvor tok seg opp i Brno, sjølv om det først var på 1800-talet at Brno vart ein stor industriby med mykje tekstil og verksindustri. I 1805 var Napoleon i nærleiken av Brno då slaget ved Austerlitz (Slesko, tsj.) fann stad utanfor byportane.

I 1839 kom det første toget til Brno. Med industriutviklinga kom òg utviklinga av forstadane, noko som gjorde at byen mista sin karakter som festningsby. Spilberk Slott vart omgjort til eit fengsel for alvorleg kriminalitet, der òg politiske opponentar til Austerrike-Ungarn vart send

I 1850 vart 32 nabokommunar knytte til Brno, noko som gjorde at folkesetnaden auka til 46 000 innbyggjarar. Gasslys kom til byen i 1847, og trikk i 1869. Skular økte kraftig i denne perioden.

I 1919 vart Tsjekkoslovakia frigjeve frå Austerrike-Ungarn, noko som medførte at Brno ikkje lenger hadde tyskspråkleg fleirtal i byrådet, og byen vart den nest største byen i det nye Tsjekkoslovakia. Byen fekk i 1918 huse Tsjekkoslovakia sin Høgsterett. Byen vart under denne tida eit enno viktigare handels- og industrisentrum. I 1928 opna utstillingsområde (Brno Veletrhy).

Under den andre verdskrigen vart byen sterkt råka, og mange tsjekkarar mista livet. I studentbyen Kounicove Koleje vart mange tsjekkarar avretta av nazistane, noko som etter krigen òg førte til Beneš-dekreta, der sudettyskarar vart jaga ut av landet, hovudsakleg til Austerrike. Dette skjedde i mai og juni 1945.

Etter den andre verdskrigen og under den tsjekkoslovakiske sosialismen, styrt frå Moskva, utvikla Brno seg vidare som industriby, men stagnerte teknologisk. Mange landsbyar i området vart utbygd med store sosialistiske blokker. Etter kommunismens fall vart det lagt meir vekt på bevaring og renovering av den historiske gamlebyen. I 1992 fekk byen òg Konstitusjonsdomstolen i landet.

Universitet og skular[endre | endre wikiteksten]

Brno har ein lang tradisjon som institusjonsby i Mähren. Allereie på 1300-talet var byen eit sentrum for regionen og nedteikningane i regionen vart halde i byen. Sidan byen hadde eit rikt religionsliv med mange ordenar, var byen òg ein naturleg lærestad. Utviklinga av barne-, ungdoms- og vidaregåande skular tok seg kraftig opp på 1800-talet. I 1873 vart den Tyske Teknologiske Skule oppretta, og den Tsjekkiske Teknologiske Skule kom i 1899. I 1919 vart Masaryk-Universitetet etablert i Brno. Frå 1960 til 1990 vart universitetet kalla Jan Evangelista Purkyně-Universitetet.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Vila Tugendhat

Eit av dei store arkitektoniske meisterverka er å finne i Brno i form av Villa Tugendhat. Villaen, som i dag står på UNESCO si verdsarvliste som monument of modern architecture, vart teikna av arkitekten Ludwig Mies van der Rohe i 1928. Arkitekten brukte dei mest moderne teknikkane frå byrjinga av 1900-talet. Eit døme er frontglaset som dekkjer ein heil vegg, og som kan senkast ned. Van der Rohe designa ikkje berre villaen, men òg møblane til huset. Då Tsjekkoslovakia vart oppløyst 1. januar 1993 vart avtalen om oppløysning inngått i hagen til huset mellom President Václav Havel og Vladimír Mečiar frå Slovakia.

Kjende personar frå Brno[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brno