Broccolini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broccolini


Broccolini.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Orden: Brassicales
Familie: Brassicaceae
Slekt: Brassica
Art: 'B. oleracea'
Kultivargruppe
  • Brassica oleracea
    Italica-gruppa x Alboglabra-gruppa

Broccolini er eit registret varemerke frå Mann Packing Company, Inc.. Det er ei grøn grønsak av arten Brassica oleracea (Brassica oleracea italica x alboglabra) ganske lik brokkoli, men der småblomstrane er mindre og stilkane er lengre og tynnare. Broccolini er ein hybrid av brokkoli (Brassica oleracea convar. botrytis var. italica) og gai lan (Brassica oleracea var. alboglabra) (andre namn Chinese broccoli, Chinese kale eller kailaan) i krossblomfamilien. Broccolini blir ofte feilaktig framstilt som ein hybrid mellom brokkoli og asparges. Den vart utvikla vidare av Sakata Seed Company i Yokohama, Japan, under namnet Chinese kale eller gai lan. Smaken av Broccolini er søtaktig, med duft av både brokkoli og asparages.

I USA er det generiske namnet baby broccoli med product look up number 3277. Den går òg under namna asparation®, asparations, bimi, broccoletti, broccolette[1] og tender stem. Sanbon Incorporated starta eit kommersielt program for asparation i Mexico i 1994 og tok den først til marknaden i USA i 1996. Mann Packing Company introduserte den nye grønsaken på marknaden i USA i 1998. Grønsaken blir dyrka året rundt i California og Arizona. I dag kan ein finne broccolini i heile USA, Canada, Australia og Storbritannia.[2] I Storbritannia og Irland er den referert til som "Tender Stem Broccoli". I Europa vart broccolini vanleg på marknaden rundt 2010 og i Noreg i 2011.

Heile grønsaka kan etast medrekna dei gule blomstrane som kan vere tilstades. Sjølv om broccolini er ganske ømtolig, er vanlege tillagingsmetodar bruning, damping, koking og steiking.

Ernæringsmesig inneheld broccolini mykje vitamin C, men òg vitamin A, kalsium, folsyre og jern.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]