Broch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om namnet. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå bygningen broch.

Broch eller Brock er eit etternamn som kan ha ulike tydingar og opphav. Namnet kan stamma frå Storbritannia, Tyskland, Nederland, Skandinavia og askenasiske jødar.

Namnet kan stamma frå tysk Bruch, 'myr, våtmark' eller kan vera ei form av engelsk Brook, som tyder 'bekk'. Det kan koma av kallenamn for ein grevlingliknande person (gammalengelsk brocc, dansk brok), for ein ung kronhjort (engelsk, frå gammalfransk broque, brock) eller for ein tett, sterk person (mellomhøgtysk brocke, 'klump, stykke'). Det jødiske namnet kan vera avleidd frå eit patronym sett saman av bar- ('son av') og forkortinga av eit mannsnamn, eller for personar frå Brok i Polen.

Brock eller Brok var namnet på fleire danske adelsslekter.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Ole Jacob Broch (1818–1889), norsk vitskapsmann og politikar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Brock ved The Internet Surname Database

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kjell Jensen, «Broch» i Språkspalten, NRK Hordaland, 07.02.2008.