Broken Arrow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Broken Arrow
Song av Buffalo Springfield
frå albumet Buffalo Springfield Again
Språk engelsk
Utgjeve 18. november 1967
Innspelt august-september, 1967
Sjanger Folkrock
Lengd 6:13
Selskap Atco
Komponist Neil Young
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Richie Furay
Jack Nitzsche
Stephen Stills
Neil Young

«Broken Arrow» er ein song skriven av Neil Young og spelt inn av Buffalo Springfield på albumet deira Buffalo Springfield Again frå 1967. Han vart spelt inn i august og september 1967 ved Columbia Recording Studios og Sunset Sound Recorders. Songen inneheld musikk frå «Down Down Down», ein demo Young spelte inn med Buffalo Springfield (og som i dag finst i ein samleboks).

«Broken Arrow» bekjennande folkrock. Han består av tre vers der det er lagt inn lydeffektar og lydklipp mellom kvart vers, som orgel, ein jazzcombo med piano, bass, trommer og ein klarinet. Songen byrjar med applaus (teken frå ein konsert med The Beatles) og opninga «Mr. Soul» (som er opningssporet på albumet), spelt inn live i studio. Det andre verset byrjar med lyden av publikum som buar, medan The Calliope spelar ein rar versjon av songen «Take Me Out To The Ballgame», før nokre rare lydeffektar startar verset. Det er òg lydar av ei militær skarptromme, først roleg og så høgare og høgare, fram til den femte gongen då ein uvanleg lydeffekt fører songen over til tredjeverset. Jazzcomboen spelar ein improvisasjon, først teken opp av klarinetten og så etterfølgd av piano, før songen tonar ut. Ein kan til slutt berre høyre hjarteslag, før òg desse tonar ut.

Kvart vers har surrealistiske tekstbilete som omhandlar kjensler (tomheita kjendisstatusen fører med seg, tenåringsangst og hjelpeløyse) og inneheld referansar til Buffalo Springfield og Young. Dei endar alle med dei same linjene:

Did you see them, did you see them?
Did you see them in the river?
They were there to wave to you.
Could you tell that the empty quivered,
Brown skinned Indian on the banks
That were crowded and narrow,
Held a broken arrow?

Det finst ein akustisk soloversjon av songen på konsertalbumet til Neil Young Sugar Mountain: Live at Canterbury House 1968. Av bandmedlemmene var det berre Young som var til stades under innspelinga. Korvokalen frå Richie Furay vart lagt til seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]