Broken Arrow av Neil Young
| Broken Arrow Studioalbum av Neil Young & Crazy Horse |
||
| Utgjeve | 2. juli 1996 | |
| Innspelt | 21. mars 1996 - 17. april 1996 i Plywood Digital, Woodside i California (bortsett frå «Baby What You Want Me To Do»: Old Princeton Landing i Princeton-By-The-Sea i California) | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 47:02 | |
| Selskap | Reprise | |
| Produsent | Neil Young | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Neil Young & Crazy Horse-kronologi | ||
| Dead Man (1996) |
Broken Arrow | Year of the Horse (1997) |
Broken Arrow er eit studioalbum av Neil Young og Crazy Horse frå 1996. Dei første tre songane er tre lange, strukturerte jammar, si liknande stil som tidlegare Crazy Horse-samarbeid som Everybody Knows This Is Nowhere, Zuma og Ragged Glory. Det siste sporet er eit konsertopptak av ein Jimmy Reed-song som vart spelt inn med ein liten publikumsmikrofon på ein liten «hemmeleg» konsert i California, for å gje han ei kjensle av piratopptak.
På vinylutgåva og på CD-singelen «Big Time» finst bonussporet «Interstate». Dette var ein song frå innspelinga av Ragged Glory i 1990. Dette var det siste studioalbumet til Young på fire år.
Merk at songen «Broken Arrow» av Buffalo Springfield, som Neil Young var medlem av, ikkje finst på dette albumet.
[endre] Innhald
Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Big Time» | 7:24 |
| 2. | «Loose Change» | 9:49 |
| 3. | «Slip Away» | 8:36 |
| 4. | «Changing Highways» | 2:28 |
| 5. | «Scattered (Let's Think About Livin')» | 4:13 |
| 6. | «This Town» | 2:59 |
| 7. | «Music Arcade» | 3:59 |
| 8. | «Baby What You Want Me to Do» (Jimmy Reed) | 8:08 |
| 9. | «Interstate» |
[endre] Medverkande
- Neil Young - gitar, elektrisk og akustisk gitar, piano, munnspel
- Crazy Horse
- Poncho Sampedro - vokal, elektrisk gitar
- Billy Talbot - vokal, bass, tamburin
- Ralph Molina - vokal, trommer, perkusjon