Broken Column
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn utover Vågen i Stavanger. Ein av skulpturane i Broken Column midt i biletet.
Jernmann utanfor Stavanger domkyrkje
Broken Column (engelsk språk, ei omsetjing til norsk kan vera broten søyle) er eit kunstverk som er sett opp på ulike stader i Stavanger. 23 rustne menn er sett opp frå Rogaland kunstmuseum ved Mosvatnet til eit skjer ved øya Natvigs Minde. Kvar skulptur har ei høgd på 1,95 meter, som òg er høgda til kunstnaren Antony Gormley.