Bromley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bromley

Sydenham Road
Sydenham Road
Plassering
Bromley is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Bromley
Geografi
Koordinatar 51°24′″N 0°1′″EKoordinatar: 51°24′″N 0°1′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer BR1
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bromley

Bromley er ein by (town) og kjerneområdet i bydelen Bromley i London. Sentrum ligg omkring femten kilometer søraust for Charing Cross. Fram til 1965 var Bromley ein by i Kent, og han har halde bystatusen sin sjølv om han er innlemma i Stor-London.

Namnet kjem frå gammalengelsk brōme-hlǣwe, «koste-åsen», og er først skrive Bramelewe i 1272. Ordet brōme vart gjerne nytta i samband med rydningar, der skogen var «feia bort».

Bromley vert rekna med blant ti større bysenter i Londonplanen. Staden har ei gågate og eit stort kjøpesenter i sentrum, samt Bromley Civic Centre. To jernbanestasjonar, Bromley South og Bromley North, har samband til London Victoria, London Blackfriars og Grove Park.

Fotballklubben til byen er Bromley FC.

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei mest kjente bysbarna er forfattaren H.G. Wells, som vart fødd i Bromley i 1866. Ein æresvegg til hans minne står på Market Square, og vart renovert i 2005. På veggen minnast òg Charles Darwin, som budde i Downe like utanfor Bromley.

Blant andre kjente personar som har budd eller bor i Bromley finn ein Thomas James Harper, David Bowie, Peter Frampton, Aleister Crowley, Jill Cruwys, Pjotr Kropotkin, Topper Headon, Gary Paffett, Mike Conway og Enid Blyton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]