Bronisław Malinowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bronisław Malinowski

Fødd7. april 1884
Kraków
Død16. mai 1942
New Haven
NasjonalitetAusterrike-Ungarn, Storbritannia, Den andre polske republikken
Områdekulturantropologi
Yrkeantropolog, universitetslærar, sosiolog, universitetslærar, etnograf, fotograf, sosialantropolog, etnolog
InstitusjonarCornell University
London School of Economics
Yale University
Alma materDet jagellonske universitet
Universitetet i Leipzig
London School of Economics
Jan III Sobieski videregående
EktefelleElsie Masson, Valetta Swann
MedlemKoninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Bronislaw Kasper Malinowski, (7. april 188416. mai 1942) var ein polsk sosialantropolog og sosiolog, fødd i Kraków. Han vert rekna som ein av viktigaste antropologane i det 20. hundreåret. Malinowski var pioner i bruken av feltarbeid og i studien av resiprositet, gjengjeldshandling.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Malinowski studerte ved det Jagellonske universitetet i Krakow og tok der doktorgarden i matematisk fysikk i 1908. Deretter arbeidde han nokre år som forelesar ved universitetet i Leipzig. Der kom han i kontakt med det som då vart kalla Völkerpsychologie, eller folkepsykologi, og som fanga interessa hans. Vel medveten om at samtidas fremste antropologar og sosiologar heldt til i England, flytta han til London og byrja studere antropologi ved London School of Economics (LSE). I perioden juni 1915 og mai 1916, samt oktober 1917 og oktober 1918 dreiv han på med banebrytande feltstudiar på øygruppene D’Entrecasteaux-øyane og Trobriandane aust for dagens Papua Ny-Guinea. År 1922 tok han sin andre doktorgrad. Han vart verande i London, der han fekk arbeid som universitetslærar.

Den moderne antropologien[endre | endre wikiteksten]

Fram til Malinowskis feltarbeid i Trobriandane hadde antropologi mest bestått av tekstanalyse og teoretisering kring segnstoff. Antropologane hadde i dei fleste tilfella aldri vore på dei stadene som dei vart rekna for å vere ekspertar på, men leit på informasjon frå sjøfolk, handelsreisande og soldatar. Gjennom sitt to år lange feltarbeid endra Malinowski grunnreglane for antropologisk forsking. Desse grunnreglane er framleis herskande i moderne sosialantropologi der det lange feltarbeidet nærmast er obligatorisk under forskarutdanninga på dei fleste universitet.

Malinowski saman med innfødde på Trobriandane, 1918

Dei viktigaste oppgåvene for ein sosialantropolog er i fylgje Malinowski å:

  • 1. Fange det lokale individet sitt verdssyn og finne kulturtypiske tankemønster og kulturtypisk logikk, samt forstå dei bakomliggande årsakene til same, og
  • 2. Fastslå kva som er norm, lov, kutyme, tradisjon, sed og moral i det undersøkte samfunnet.

I praksis skulle dette, sa Malinowski, føregå gjennom å:

  • 1. etablere forskarstasjon så nær den aktuelle kultursfæren som mogleg, for slik å unngå at forskaren kjem og går. I felt skal antropologen heile tida vere til stades for å prøve å verte eitt naturleg innslag mellom dei menneska som han arbeider med og for at så lite som mogleg av eitt folks kultur går han forbi,
  • 2. tale lokalbefolkninga sitt språk. Tolkar er ofte filter og risken er stor at ein stor del av informasjonen går tapt i omsetjinga. Manglande språkkunnskapar hos forskaren kan også svekke kvaliteten på forskinga,
  • 3. respektere dei lover og seder som gjeld i det aktuelle området og tilpasse seg til det som der vert oppfatta som god oppførsel utan omsyn til kor ulikt det er antropologen si eiga oppfostring,
  • 4. legge opp forskinga si så fritt for føresetnader som mogleg og utan å prøve påverke informantane sine, ei heller teste førehandslaga tesar eller søke sensasjonar.

Nøkkelordet i Malinowskis antropologi var, og er, deltakande observasjon. Feltforskaren skal integrerast så til den grad i samfunnet under lupa, att han deltar i dei daglege aktivitetane (vaskar, jagar, lagar mat, bygger hytter, deltar i seremoniar og ritar etc) for slik å få eit nærbilete av kvardagslivet og kulturen.

Funksjonalisme[endre | endre wikiteksten]

Antropologien var, slik dei fleste samfunnsvitskapar var og er, eit barn av si tid. I kjølvatnet av kolonialismen hadde antropologar som Lewis Henry Morgan og Leslie White formalisert og strukturert læra om kulturevolusjon, som i praksis gav akademisk legitimitet til europearane si kolonisering av "dei mindre utvikla" folka i Afrika og Asia.

Malinowski gjekk kraftig mot dette synet og hevda at ulike system av økonomi, slektskap, religion, mytar, overgangsritar etc har grunnlag i ulike folks verkelege behov, meir enn ei linjær utvikling frå lægre til høgre. Eit veldefinert og avansert slektskapssystem garanterer at innavl kan unngåast i område der risikoen for dette er stor. Dette kultursynet fekk nemninga funksjonalisme. Seinare skulle Alfred Radcliffe-Brown utvikle funksjonalismen og skape omgrepet strukturfunksjonalisme, der han kritiserte Malinowski får å vere for einspora og eindimensjonell i analysen. Sjølv om den reinodla funksjonalismen i stor grad er oppgjeven av dagens antropologar, spela den ei viktig rolle i å svekke den eurosentrismen som rådde tidleg på 1900-talet.

Malinowski om religion[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå mange andre, samtidige antropologar var Malinowski påverka av samtidige straumdrag innom psykologien. Når det gjaldt spørsmålet om religion var han inspirert av William James og hans verk Varieties of Religious Experiences (1902). Malinowski hevda som James at religion hadde opphav i den individuelle erfaringa. Det høyrde til stunder då individa var for seg sjølve, distansert frå samfunnet. Medan Émile Durkheim såg religion som noko primært sosialt, såg Malinowski det i staden som noko høgst privat. Malinowski meinte religion fyller ein funksjon for individet, ikkje den sosiale gruppa.

Malinowski døydde 1942 i New Haven i Connecticut i USA.

Verk[endre | endre wikiteksten]

{Utval)

  • Argonauts of the Western Pacific, 1922
  • Crime and Custom, 1926
  • Sex and Repression in Savage Society, 1927
  • The Sexual Life of Savages in North-Western Melanesia, 1929
  • Coral Gardens and Their Magic: A Study of the Methods of Tilling the Soil and of Agricultural Rites in the Trobriand Islands, 1935
  • Magic, Science, and Religion, 1948
  • The Dynamics of Culture Change, 1961
  • A Diary In the Strictest Sense of the Term, 1967

Kjelder[endre | endre wikiteksten]