Bronkopulmonal dysplasi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bronkopulmonal dysplasi

Bronkopulmonal dysplasi eller bronkopulmonær dysplasi (BPD) er ein kronisk lungesjukdom hos ungar som er fødde for tidleg. Sjukdommen skuldast hovudsakleg mangel på surfaktant i lungene, med påfølgjande respiratorisk distress-syndrom, mekanisk ventilasjon og oksygenterapi. Dette gjev ein betennelsestilstand i lungene, deretter arrdanning. Talet på alveolar blir lågare enn normalt og alveolane blir større og stivare enn normalt. Det er altså fleire årsaker.

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare kunne sjukdommen gje kraftig lungeskade eller død. Etter at det sist i 1980-åra vart vanleg å gi glukokortikostereoidar til mødrer med trugande prematur fødsel og tidleg i 1990-åra blei innført behandling med surfaktant hos prematurt fødde, har sjukdommen endra karakter. Dei alvorlegaste seinskadane og dødsfalla er no ekstremt sjeldne. Meir skånsame strategiar for respiratorbehandling kan òg ha spela inn.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Ein kan gje dexomethason for å dempe betennelsen i lungene. Ut over det vil behandlinga vera støttande. Ein kan gje oksygen på nasekateter for å kompensere for nedsatt lungefunksjon. Det er vidare viktig at pasienten får tilstrekkeleg næring og energi. Tilskot i kosten, bruk av ventrikkelsonde (slange til magesekken) eller gastrostomi kan vera naudsynt i nokre tilfelle. God pleie og omsorg så ungen ikkje aser seg opp og aukar energiforbruket er viktig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • American Lung Association
  • Merck
  • Bland RD.: Neonatal chronic lung disease in the post-surfactant era. Biol Neonate. 2005;88(3):181-91.
  • Christou H, Brodsky D.: Lung injury and bronchopulmonary dysplasia in newborn infants. J Intensive Care Med. 2005 Mar-Apr;20(2):76-87.
    Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.