Bronseand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bronseand

Status i verda: VU Sårbar

Litografi av John Gerrard Keuleman, 1888, public domain
Litografi av John Gerrard Keuleman, 1888, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anas
Art: A. aucklandica
Vitskapleg namn
Anas aucklandica

Bronseand (Anas aucklandica) er ein vassfugl i andefamilien. Ho er endemisk til Aucklandøyane sør for New Zealand. Tidlegare var koparand, Anas chlorotis, og campbelland, Anas nesiotis, rekna som konspesifikke med bronseand. Campbellanda, som lever på Campbelløyane, er akkurat som bronseanda utan flygeevne.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei mellomstor grasand, ca. 48 centimeter med kroppsvekt på 500 og 600 gram for hoer og hannar høvesvis. Vengene er små og er ikkje utvikla til flyging. Begge kjønn og juvenile fuglar har brun fjørdrakt, brystet er marmorert mørkare, hannfuglen i praktdrakt har grønglansa hovud, og ein særs smal kvit ring rundt halsen. Begge kjønn har godt synleg kvit augering og viser eit grønt vengespegl, speculum, i flukt. Bronseanda har alt i alt meir avdempa farger enn koparand.

Denne anda lever på Aucklandøyane, spesifikt på Adams Island, Disappointment Island, Dundas Island, Ewing Island, Rose Island og Enderby Island, men ikkje på hovudøya Auckland Island.

Bronseanda beitar ofte i skumring og nattemørke, ho finn føde i bukter og viker med tang og tare, og et alger og animalsk føde som marine virvellause dyr. Ungfuglar og fuglar som ikkje hekkar dannar flokkar ved beiting og kvile.

Bronseandpara er sterkt territoriale gjennom heile året. Reira er bygd av gras og reirplassen ligg under tett vegetasjon. Kullet er typisk på berre 4 egg og egga blir lagt med intervall på 2 eller 3 dagar. Hoa rugar aleine medan hannen voktar territoriet. Klekkinga skjer etter ca. 30 dagar.

Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til meir enn 2000 individ (2005), og er trudd å vere stabil.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bronseand