Bronsegauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bronsegauk

Status i verda: LC Livskraftig

Bronsegauk i Brisbane, Queensland, AustraliaFoto: James Niland
Bronsegauk i Brisbane, Queensland, Australia
Foto: James Niland

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Cuculiformes
Familie: Cuculidae
Slekt: Chrysococcyx
Art: C. lucidus
Namn på andre språk
  • Maori: Pīpīwharauroa
  • Engelsk: Shining Bronze Cuckoo
  • Bokmål: Bronsegjøk
Vitskapleg namn
Chrysococcyx lucidus

Bronsegauk (Chrysococcyx lucidus) er verdas minste gaukeart, hekkar i Australia, på Ny-Caledonia, Vanuatu og New Zealand, og overvintrar i vestre Indonesia, på Ny-Guinea, Bismarckarkipelet og Salomonøyane.[1] Han er spesialist på å legge egg i reira til artar av gerygonar, ei slekt av små tornsmettar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Med ei lengd på ca. 15 centimeter og vekt på 25 gram er bronsegauken verdas minste gauk. Han er ofte lettare å høyre enn å få auge på, dei er normalt metallisk bronsegrøne på oversida, kinna og undersida er kvit med mørk grøne tverrstriper. Hofuglar er like med meir lilla glans på krona og nakken og tverrstripene på buken har skjer av bronsefarge. Nebbet er svart og føtene er svarte med gul underside.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Aust-Australia er bronsegauken er ein sommarvitjar i området frå Cape York-halvøya lengst nord i Queensland sør til Eyre Peninsula og Kangaroo Island i Sør-Australia og finst òg på Tasmania. I Vest-Australia hekkar dei frå Carnarvon i nord sørover langs kysten og austover til Esperance.[3] Desse overvintrar på Dei små Sundaøyane og Ny-Guinea.[4]

New Zealand-populasjonen overvintrar på Salomonøyene og kjem til New Zealand frå midten av august, men dei er ikkje vanlege før i oktober. Dei spreier seg ut til Stewart Island/Rakiura og Chatham-øyane og hekkar opp til ei høgd på 1200 moh.[2]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Han er reirparasitt på kuppelforma reir av ulike Gerygone-artar, har eit hekkeområde som i stor grad samsvarar med hekkeutbreiinga til denne tornsmettslekta. Bronsegaukar kan òg parasittere andre artar i tornsmettfamilien, og er òg den parasittiske fuglearten med den lengst sørlege utbreiinga i verda, sør til 45 ° S på New Zealand.

Ein hofugl legg éit egg i kvart vertsreir og fjernar eitt egg. Etter klekkinga, kastar gaukungen ut dei andre ungane eller egga frå reiret.[5] Igatagerygone er ein vanleg vertsart på New Zealand. Bronsegauken kjem for seint til det første hekkekullet til igatagerygone, men parasitterer dei andre kulla i sesongen sterkt, i ein studie 55 % av reira i Kaikoura.[6] Kvitpannegerygone er ein vertsart på Chatham-øyane.[2] Dei matte egga til bronsegauken er olivenbrune i Vest-Australia og i ulike nyansar av grønt eller grønaktig kvit til oliven og mørkebrun andre stader, dei liknar ikkje egga til vertsarten. Det mørke pigmentet smittar lett av.[5] Fleire andre artar er sporadiske vertar.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Som insektetar tar bronsegauken insekt som andre fuglar unngår, slik som små grøne sommarfugllarver, særleg av møllarten Nyctemera annulata og biller, særleg marihøner. Kråsen til bronsegauken er fôra med ei mjuk tjukk foring som fangar larvetrådane. Desse fell av og blir spytta ut av fuglen.[7]

Status[endre | endre wikiteksten]

Storleiken av bestanden er ikkje kjent, han reknast ikkje som trua, og er stabil.[8] Kattar er ein vanleg predator av bronsegaukar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. 2,0 2,1 2,2 Falla, Robert Alexander; Sibson, Richard Broadley; Turbott, Evan Graham (1972) [1966]. The New Guide to the Birds of New Zealand. Collins. ss. 181–82. ISBN 0-00-212022-4. 
  3. Utbreiingskart hos IUCN
  4. Sibley, Charles Gald; Monroe, Burt Leavelle (1990). Distribution and Taxonomy of Birds of the World. Yale University Press. s. 100. ISBN 0300049692. 
  5. 5,0 5,1 Johnsgard, Paul A. (1997). The Avian Brood Parasites:Deception at the Nest: Deception at the Nest. Oxford University Press. ss. 233. ISBN 0195110420. 
  6. Davies, Nick (2010). Cuckoos, Cowbirds and Other Cheats. A&C Black. ss. 94. ISBN 1408135868. 
  7. Gill, Brian J. (1980). «Foods of the Shining Bronze Cuckoo (Chrysococcyx lucidus, Aves, Cuculidae) in New Zealand». New Zealand Journal of Ecology 3: 138–140. 
  8. BirdLife International (2012) Species factsheet: Chrysococcyx lucidus. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. oktober 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bronsegauk