Brosna
| Brosna | ||
|
|
||
| Utspring | Nær Mullingar i County Westmeath | |
| Munning | Shannonelva ved Shannon Harbour | |
| Land i nedslagsfelt | ||
Brosna (irsk An Bhrosnach) er ei elv i Republikken Irland som renn gjennom County Westmeath og County Offaly.
Elva har sitt utspring ved Lough Owel nord for Mullingar[1] og er ei av sideelvane til Shannon, som ho munnar ut i ved Shannon Harbour.
Brosna byjar som ei lita elv og renn frå Lough Owel og sørvestover gjennom Mullingar og ut i Lough Ennell. Frå Lough Ennell renn ho gjennom Kilbeggan, der ho framleis gjev kraft til ei mølle ved Brusna distilleri. Brosna held fram sørvestover gjennom Clara. Aust for Ferbane møter ho elva Silver. Frå Ferbane går ho mot Shannon Harbour, nord for Banagher, der ho munnar ut i Shannon.
Fiske [endre]
Brosna er ei populær flogefiske elv og har ein bestand med aure og noko laks og tart.[2] Dei siste åra har derimot forureining ført til lågare fiskebestandar i elva. [3]
Fotnotar [endre]
- ↑ http://www.askaboutireland.ie/show_narrative_page.do?page_id=3907.
- ↑ http://www.shannon-fishery-board.ie/guides/game/river-brosna.htm.
- ↑ ”Over 50% of Brosna Polluted”, Westmeath Examiner, 21. juli 2001.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen River Brosna frå Engelsk Wikipedia .