Brother Isle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brother Isle
Geografi
Brother Isle is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°31′ N 1°13′ WKoordinatar: 60°31′ N 1°13′ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 0,40 km²
Høgaste punkt 25 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Demografi
Folketal 0

Brother Isle (norrønt breiðare øy, tyder «brei strand-øy») er ei lita, folketom øy i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg mellom øyane Yell og Shetland Mainland. Øya er 40 hektar stor.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen på øya består av moine-gneis og kvartsitt.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vert stundom trudd at brother, som tyder «bror», viser til culdee-munkane som ofte busette slike mindre øyar, men i dette tilfellet har ein ikkje bevis for at dette er tilfelle.

Sidan øya berre har ein storleik på 40 hektar og er omgjeve av sterke tidvasstraumar som gjer det vanskeleg å gå i land, verkar det lite truleg at ho nokon gong har vore busett. Øya var likevel busett fram til 1820-åra, siste gong av brørne Tulloch. Dette har òg gjort at ein feilaktig har trudd at øya er kalla opp etter dei.

I 2004 vart det bygt eit fyr på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.