Brother Sun, Sister Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brother Sun, Sister Moon
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 2004
Innspelt 2004
Sjanger Folkemusikk
Lengd 28:16
Selskap Donovan Discs
Donovan-kronologi
Sixty Four
(2004)
Brother Sun, Sister Moon Beat Cafe
(2004)

Brother Sun, Sister Moon er det 22. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Brother Sun, Sister Moon vart gjeven ut eksklusivt på iTunes Music Store i 2004.

[endre] Historie

Tidleg i 1970-åra gjekk Donovan med på å skrive og spele inn songar for den engelske versjonen av Franco Zeffirelli sin Brother Sun, Sister Moon (1972). Fleire av innspelingane til Donovan var med i filmen, men det påfølgjande filmmusikkalbumet hadde ingen. Fråværet av desse songane gjorde at mange Donovan-tilhengjarar kravde ei offisiell utgjeving av songane.

Dononvan prøvde derfor å få rettane til dei originale innspelingane, men dette viste seg å vere særs vanskeleg. Donovan valte derfor å spele inn nye versjonar av dei originale songane og gje dei ut eksklusivt på iTunes Music Store.

For nyinnspelingane valte Donovan å ikkje gjenskape orkesteret og korvokalen på dei originale utgåvene. I staden for spelar han gitar og syng solo, på liknande vis som på Sutras.

[endre] Innhald

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch

# Tittel Lengd
1. «The Little Church»   3:26
2. «The Lovely Day»   2:20
3. «Lullaby»   2:31
4. «Brother Sun, Sister Moon»   2:02
5. «A Soldier's Dream»   3:03
6. «Shape in the Sky»   2:35
7. «Gentle Heart»   3:52
8. «The Year Is Awakening»   3:15
9. «Island of Circles»   2:56
10. «The Lovely Day (Instrumental)»   2:16

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk