Brough of Birsay

Koordinatar: 59°08′N 3°20′W / 59.14°N 3.33°W / 59.14; -3.33
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brough of Birsay
Geografi
Brough of Birsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°08′N 3°20′W / 59.14°N 3.33°W / 59.14; -3.33
Øygruppe Orknøyane

Areal 0,21 km²

Høgaste punkt 46 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

The Brough of Birsay er ei lita folketom tidvassøy utanfor nordvestsida av Mainland i Orknøyane i Skottland, i soknet Birsay.

Brough of Birsay. Keltiske og norrøne ruinar i føregrunnen til venstre og fyret til høgre.
Hekkande koloniar av havhest (Havhestus glacialis) og lomvi (Uria aalge) på Brough of Birsay

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Det er mogeleg å gå til øya til fots ved lågvatn. Mellom øya og Mainland er sundet 240 meter breitt ved høgvatn, kalla Sound of Birsay.[1]

Den norrøne busetnaden på øya er delvis øydelagd av kysterosjon og klippene er forsterka med betong for å hindre ytterlegare skade.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at dei første innbyggjarane kom til øya på 400-talet, og kanskje var dei kristne misjonærar. På 600-talet låg det ei piktisk festning på øya og på 800-talet var piktane erstatta av nordmenn.

Den piktiske busetnaden syner seg ved ein liten brønn og ei samling lekamar (i dag i Tankerness House Museum i Kirkwall og i Museum of Scotland i Edinburgh). Av desse lekamane finn ein støypeformer som syner at det vart laga brosjer og andre ornament på 700-talet. Gjerdet rundt den norrøne kyrkja ligg over ein piktisk gravplass og her vart det funne bitar av ein piktisk runestein. Ein av desse syner tre figurar og nokre piktiske symbol. Ein kjenner ikkje til meininga bak desse symbola.

Det norrøne namnet på øya var Byrgisey, som tyder «borgøya», og som har gjeve namn til soknet. Brough tyder òg borg. Aust på øya finn ein utgravingar etter ein norrøn busetnad og ei kyrkje. Arkeologiske undersøkingar har vist at desse vart bygt opp på ein tidlegare piktisk busetnad. Det finst eit lite museum der i dag. Vikingfunna er rike og ei av dei beste vikingsamlingane ein har på Dei britiske øyane. Ifølgje Orknøyingasoga var Birsay heimen til Torfinn jarl den mektige (ca 1009-1065).

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Eit ubemanna fyr på øya vart bygt i 1925 av David A Stevenson.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]