Browning HP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Browning HP

Browning HP ("Hi-Power") er basert på ein halvautomatisk pistol patentert av John Browning i USA i 1922, som så tok med seg idéen til Belgia og Fabrique Nationale. Konstruksjonen vart ferdig utvikla av belgiaren Deudonne Saive ved FN-fabrikken. Dette var den første pistolen som hadde eit fungerande magasin med dobbel patronrekkje, som da heldt heile 13 skot i kaliber 9 mm Parabellum. (I dag held tilsvarande magasin til vanleg 15 slike.)

Pistolen vart produsert som P35 frå 1935, men vart au kalla "Grande Puissance" (GP), eller "Hi-Power" (HP).

Pistolen verkar etter Brownings kort-rekyl-prinsipp og har locked-breech-mekanisme, men noko annleis enn i Colt 1911, som Browning au konstruerte.

På grunn av den doble rekkja med partonar i magasinet, måtte skjeftet bli litt tjukkare, men ikkje så mykje at det er eit problem for folk med normale hender. Pistolen er kjend for å vera treffsikker og påliteleg.

Browning HP vart bruka av begge sider under andre verdskrigen. Dei allierte bruka HP-pistolar laga i Canada, medan tyskarane bruka HPar laga i det okkuperte Belgia. P35 er framleis populær blant militære, og over 50 hærar har bruka han sidan han vart introduert. Ein versjon er framleis i teneste hos dei kanadiske væpna styrkane, og våpenet er standardpistol hos den britiske, australske og venezuelanske hæren, mellom andre.

Pistolen er vanlegast med single-action og 9 mm Parabellum, men finst au dei seinare åra i double-action og med kaliber .40 Smith & Wesson.

Browning HP blir framleis produsert, både i Europa og i Argentina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Browning HP

Manual[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, som har ein lengre artikkel her [1]