Broye-Vully
| Broye-Vully | |
| District de la Broye-Vully | |
| distrikt | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | Vaud |
| Hovudstad | Payerne |
| Areal | 264,98 km² |
| Folketal | 36 246 (2010) |
| Kommunar | 37 |
Broye-Vully er eit distrikt i kantonen Vaud i det sørvestlege Sveits. Distriktet har eit areal på 265 km², og hadde 35 305 innbyggarar i 2009. Payerne er hovudstad i distriktet, som ligg lengst nordaust i kantonen og er delt i to åtskilde område. Begge områda grensar til kantonen Fribourg. Det nordlegaste området, som er ein enklave, har i nord ei kort grense til kantonen Bern.
Broye-Vully omfattar 37 kommunar. Payerne er den einaste av kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Avenches, Brenles, Bussy-sur-Moudon, Carrouge, Champtauroz, Chavannes-sur-Moudon, Chesalles-sur-Moudon, Chevroux, Corcelles-le-Jorat, Corcelles-près-Payerne, Cremin, Cudrefin, Curtilles, Dompierre, Faoug, Forel-sur-Lucens, Grandcour, Henniez, Hermenches, Lovatens, Lucens, Missy, Moudon, Prévonloup, Ropraz, Rossenges, Sarzens, Syens, Trey, Treytorrens i Vaud, Valbroye, Villars-le-Comte, Villarzel, Vucherens, Vulliens og Vully-les-Lacs.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Broye-Vully (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 12. november 2011.