Bruce Johnston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruce Arthur Johnston
Bruce Johnston 2006 Birmingham.jpg
Bruce Johnston, 2006
Verkeleg namn Benjamin Baldwin
Opphav Los Angeles i California
Fødd 27. juni 1942 (72 år)
Peoria i Illinois i USA
Aktive år Seint i 1950-åra til i dag

Bruce Arthur Johnston (fødd 27. juni 1942 i Peoria i Illinois) er ein medlem av The Beach Boys som har fått Grammypris for låtskrivinga si. Johnston var ikkje med i bandet frå starten av, men kom inn den 9. april 1965 etter at Glen Campbell valde å starte ei solokarriere. Den første innspelinga Johnston gjorde med the Beach Boys var «California Girls».

Johnston starta karrieren sin med å arbeide i lag med unge musikarar som Sandy Nelson, Kim Fowley og Phil Spector, og litt seinare som støttemusikar for Ritchie Valens, the Everly Brothers og Eddie Cochran. Han gav ut den første singelen sin i 1959, «Take This Pearl» som ein del av duoen Bruce & Terry. I 1960 fekk han jobb som plateprodusent i Del-Fi Records og produserte fem singlar og eit album — Love You So — for Ron Holden. I 1962-1963 heldt han fram solokarrieren sin med albumet Surfin Around The World og eit konsertalbum, Surfer's Pajama Party. I lag med Terry Melcher spelte han inn eit album tilskriven The Hot Doggers. I lag arbeidde dei som studiopersonell i Columbia Records og spelte inn singelen «Hey Little Cobra», som selde over ein million. Denne songen var ein kopi av stilen til the Beach Boys. Terry Melcher gjekk så vidare med sin eigen karriere som produsent (The Byrds, Paul Revere and The Raiders). 9. april 1965 gjekk Johnston inn i the Beach Boys, og det var først då han starta å spele bass. I The Beach Boys skreiv han etter kvart fleire songar, som «Disney Girls»

I 1977 gav han ut soloalbumet Going Public og han var ofte gjesteartist hos andre artistar, mellom anna på «Don't Let the Sun Go Down on Me» av Elton John og The Wall av Pink Floyd. Han skreiv songen «I Write the Songs» for Barry Manilow, som gjekk til topps på den amerikanske singellista og som har vorte spelt av fleire hundre andre artistar, mellom andre Frank Sinatra. For denne songen vann han ein Grammy-pris.

I dag er Johnston i lag med Mike Love dei to einaste medlemmene i The Beach Boys som har vore med sidan 60-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]