Bruce Palmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruce Palmer
Fødd 9. september 1946
Toronto i Ontario i Canada
Død 1. oktober 2004 (58 år)
Belleville i Ontario, Canada
Instrument bassgitar
Sjanger Folkrock
Aktive år 1966 - 1971
1977
1982 - 1983
Tilknytte artistar Buffalo Springfield
Plateselskap Atlantic
Verve

Bruce Palmer (9. september 19461. oktober 2004) var ein kanadisk musikar som er mest kjend som bassist i rockegruppa Buffalo Springfield.

Faren til Palmer spelte fiolin og var orkesterleiar, medan mora var målar og keramikar. Då sonen var 11 år, fekk han den første gitaren sin av faren og starta tidleg å spele på skulen. Bandet utvikla seg seinare til å bli det ganske suksessfulle banda Robbie Lane & The Disciples. Seinare spela han i det britisk-inspirerte Jack London & The Sparrows, som etter at Palmer hadde slutta utvikla seg til det kjende bandet Steppenwolf. Tidleg i 1965 slutta han seg til The Mynah Birds og det var her han møtte Neil Young. Gruppa vart fronta av den seinare funk-legenda Rick James og fekk kontrakt med Motown Records. Men på grunn av problem andre bandmedlemmer kom ut for, enda det med at Palmer drog saman med Young til California for å møte Stephen Stills som dei hadde møtt nokre år tidlegare i Canada.

Ved ein tilfeldigheit møtte dei Stills i Los Angeles og dei danna saman med Richie Furay på rytmegitar og Dewey Martin på trommer Buffalo Springfield. Gruppa får tidleg eit gjennombrot, med blant anna songar som «Bluebird» og «Mr. Soul» som vart utvikla til lange, timinutts nummer. Gruppa hadde berre ein stor nasjonal hit, nemleg «For What It's Worth», men lokalt vart populariteten deira berre utfordra av The Byrds og The Doors.

Palmer fekk tidleg eit dop-problem og vart gjentekne gonger arrestert for misbruk av narkotiske stoff. Desse problema, saman med at han stadig fordjupa seg i kompliserte tekstar, gjorde at han etterkvart vart sosialt isolert frå dei andre i gruppa. Etter enno ein arrestasjon, vart han deportert tilbake til Canada tidleg i 1967, og Palmar vart erstatta av Jim Fielder og Ken Koblun. Rett etter dette forlét òg Young gruppa etter krangling med Stills og Buffalo Springfield spelte den mest kjende konserten deira på Monterey Pop Festival i juni 1967 med Doug Hastings og David Crosby i staden for Young. Palmar var på denne tida tilbake i Toronto.

Men Palmer drog tilbake til USA og gav seg ut for å vere ein forretningsmann og vart teke opp i gruppa igjen, for øvrige saman med Young. Men Palmar hadde framleis dei same problema. I januar 1968 vart Palmer sparka frå gruppa og erstatta av Jim Messina. I april 1968 vart derimot heile bandet oppløyst.

Palmer tek seg inn i tilhøve til dei personlege problema sine og sommaren 1969 er han tilbake på arenaen i to veker som bassist for Crosby, Stills, Nash, & Young. I 1970 er han tilbake i Toronto og spelte frå tid til annan med Luke & The Apostles tidleg i 1970.

I 1971 gav Palmer ut det einaste soloalbumet sitt, The Cycle is Complete. Albumet er prega av psykedelisk musikk., med lange jam-sekvensar som «Alpha-Omega-Apocalypse», «Oxo», og «Calm Before the Storm». Albumet er kalla ein jazza versjon av Skip Spence sitt Oar eller Syd Barrett sine to soloalbum,--ein auralisk, dop-påverka nervøst samanbrot. Albumet vart forståeleg nok ein kommersiell katastrofe og Palmer trekte seg tilbake frå musikkbransjen.

I 1977 vart Palmer med den tidlegare vokalisten og gitaristen i Kensington Market Band, Keith McKie og gitarist Stan Endersby på ein del lokale konsertar i Toronto.

I 1982-1983 deltok Palmer som bassist i Trans Band, bandet til Neil Young på denne tida, og spelte med han på Tran-turneen i Amerika og Europa, mellom anna i Drammenshallen.

Palmer vart i 1996 innlemma i Rock and roll Hall of Fame saman med dei andre bandmedlemmene i Buffalo Springfield. Han døydde av hjarteattakk i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]