Bruce Rowland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruce Rowland
Fødd 22. mai 1941, Park Royal i Middlesex i England
Instrument trommer
Sjanger Rock and roll, folkrock
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar The Grease Band
Fairport Convention
Ronnie Lane

Bruce Rowland (fødd 22. mai 1941)[1] er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av The Grease Band og folkrockbandet Fairport Convention. Han har òg vore ein mykje nytta studiomusikar.

I 1968 spelte han trommer på Wynder K. Frog-albumet Out of the Frying Pan,[2] og i 1969 vart han medlem av The Grease Band, som då var backingbandet til Joe Cocker. Han spelte med Cocker på Woodstockfestivalen, på det andre albumet til Cocker, Joe Cocker!, og på singelen hans «Delta Lady».[3]

I 1970 forlet the Grease Band Cocker og dei spelte inn albuma The Grease Band (1971) og Amazing Grease[4] I denne perioden spelte Rowland òg for Shawn Phillips, Andy Mackay, Jackie Lomax, Gallagher and Lyle, og andre, og spelte trommer på den originale innspelinga av Jesus Christ Superstar.[2] han var ein stund med i Ronnie Lane's Slim Chance, inkludert det første soloalbumet hans, Anymore for Anymore, og Lane/Ronnie Wood-albumet Mahoney's Last Stand før han vart fulltids studiomusikar.[5]

Rowland vart involvert med Fairport Convention i 1972, eit særleg turbulent år for dei då dei hadde tre forskjellige trommeslagarar.[6] Han medverka på albumet The Manor Album, som aldri vart gjeven ut, men som det finst mange piratkopiar av.[7]

Under innspelinga av Rising for the Moon (1975) tok han over då Dave Mattacks gjekk frå bandet under innspelinga.[5] Under den påfølgjande turneen, då roadie Paul Warren spelte trommer, foreslo Johns at Bruce Rowland vart permanent erstatning for Mattacks.[5] På det følgjande albumet Gottle O'Geer, hadde Rowland vorte fulltidsmedlem for bandet og medverka med både trommer, klaverinstrument og korvokal. Han spelte òg på studioalbuma The Bonny Bunch of Roses og Tipplers Tales, samt konsertalbumet Farewell Farewell i 1979. Fairport tok ein pause mellom 1979 og 1985, men spelte konsertar no og då, der Rowland (stundom samstundes med Mattacks) speltr trommer;[8]. Han er òg på konsertalbumet Moat on the Ledge frå 1981. Rowland forlet seinare musikkindustrien og flytte til Danmark.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Birth of a Nation: 1941». www.skidmore.edu. http://www.skidmore.edu/~gthompso/britrock/60brchro/60brch41.html. Henta 31. januar 2011. 
  2. 2,0 2,1 «allmusic - Bruce Rowland > Credits». www.allmusic.com. http://www.allmusic.com/artist/p120686/credits. Henta 31. januar 2011. 
  3. Strong, M.C. (1994). The Great Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books Ltd. s. 153. ISBN 086241385. 
  4. Hounsome, Terry (1987). New Rock Record. Poole: Blandford Press. s. 241. ISBN 0713716053. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Humphries, Patrick (1982). Meet on the Ledge: A History of Fairport Convention. London: Eel Pie Publishing. s. 87. ISBN 0 906008 46 8. 
  6. «allmusic ((( The Manor Album [Not Released] > Overview )))». www.allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r37063. Henta 31. januar 2011. 
  7. «allmusic ((( The Manor Album [Not Released] > Credits )))». www.allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r37063/credits. Henta 31. januar 2011. 
  8. «Fairport Convention Fansite " Expletive-Delighted!" - Various Lineups». www.musikfolk.co.uk. http://www.musikfolk.co.uk/expletive-delighted/rollcall.htm. Henta 31. januar 2011. 
  9. Redwood, Fred; Woodward, Martin (1995). The Woodworm Era: The story of today's Fairport Convention. Thatcham: Jeneva Publishing. s. 18. ISBN 0 9525860 0 2.