Brud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brud med moderne kvit brudekjole og brudebukett

Brud eller brur er ei nemning for ei kvinne den dagen ho giftar seg.

Ordet kjem via norrønt brúdr, og ordstammen finst i mange indoeuropeiske språk i tydinga brud, nygift kvinne eller svigerdotter. Ordstammen er ei hokjøns passivform av verbet «seie», og grunntydinga kan ha vore «den tilsagte, lovde».

Mange kulturar har sterke tradisjonar om korleis ei brud skal kle og te seg. I Noreg har det vore tradisjon at brura er kledd i bunad eller i kvit eller lys pastell brudekjole. Til ei kvit brudekjole kan det høyre eit brudeslør. Til bryllupssermonien vart ho tradisjonelt leidd av far sin eller ein annan mannleg slektning, ved hans høgre hand. Det er i dag ikkje brot med takt eller tone om brudgomen leier brura. Etter bryllupssermonien er det alltid brudgommen som leier brura ved si høgre side.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]