Brudeferd i Hardanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brudeferd i Hardanger

«Brudeferd i Hardanger» er eit av dei best kjende måleria i norsk kunsthistorie. Det er utført i 1848 av målarane Adolph Tidemand og Hans Gude i samarbeid. Måleriet måler 93 × 130 cm, og det heng i Nasjonalmuséet for kunst, arkitektur og design i Oslo. Biletet er eit typisk eksempel på felles arbeid, der Gude måla landskapet, og Tidemand måla menneska.

Brudeferd i Hardanger er eit hovudverk innan den nasjonalromantiske kunsten i Noreg. Her er romantikkens sans for stemning, fantasi, kjensle og natur sett saman med det unge Noregs nasjonalisme. Eit brudefølgje er på veg over fjorden i båt etter vigselen. Brudeparet sitt i den fremste båten og lengre bak skimtar vi fleire andre båtar med bryllaupsgjestene. Brudeparet er kledd i bunadar, bruda har brudekrone. Brudgommen er sannsynlegvis han som helser med hatten. Lengst framme i båten ser vi spelemannen medan ein annan person i båten er i ferd med å skyte ein salutt. Dei fleste av gjestene har også bunader. Landskapet rundt viser ein fin sommardag under ruvande fjell, med grøne tre og spegelblank fjord. Vestlandsnaturen er vakker og dramatisk, og fjella ligg i mørk kontrast til fjorden som er opplyst av sollyset.

Biletet danna også bakgrunn for nokre kulturelle festkveldar på Christiania Theater i 1849. Tidemand og Gude hadde då måla bakgrunnen på eit svært lerret, og på scena var det plassert ein båt med byfolk utkledd som bønder i nasjonaldrakter så likt biletet som mogleg. Så kunne tablået byrje med song og spel. Teksten er av Andreas Munch og musikken av Halfdan Kjerulf.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Litteratur

  • Malmanger, Magne, Maleriet 1814-1870, fra klassisisme til tidlig realisme, i Norges kunsthistorie bind 4 Oslo 1981, ISBN 82-05-12268-7
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk