Brudgom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brudgom i moderne bryllupsdress

Brudgom er ei nemning for ein mann den dagen han giftar seg.

Ordet kjem frå norrønt brúðgumi. Om forstavinga, sjå brud. Det norrøne etterleddet gumi tyder 'mann' eller 'menneske'. Ordet finst att i mange indoeuropeiske språk, som i det latinske ordet homo ('mann') og i ordet for jordhytte, gamme, og er forklart som 'jordboar'.

Mange kulturer har sterke tradisjonar om korleis ein brudgom skal kle seg og te seg. I Noreg har det vore tradisjon at brudgommen er kledd i bunad eller i kjole og kvitt, men mange har velt å gifte seg i militær uniform eller ein moderne dress. Brudgommen kan leie brura til byllupsseremonien, og han skal leie henne etter at dei er gift, ved si høgre side. Ved bryllupsmiddagen er han tredje talar, etter at verten har ønskt velkommen og faren til brura har heldt sin tale. Brudgommen kan «takke for brura» eller han kan tale for svigerforeldra, men ein treng ikkje følgje tradisjonelle formkrav lenger enn det kjennest naturleg for moderne menneske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]