Brugata i Oslo

Koordinatar: 59°54′50.357″N 10°45′18.594″E / 59.91398806°N 10.75516500°E / 59.91398806; 10.75516500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′50.357″N 10°45′18.594″E / 59.91398806°N 10.75516500°E / 59.91398806; 10.75516500

Brugata sett frå Lilletorget mot Storgata, Christiania Tugthus i Storgata 33 i bakgrunnen. Dei sju oksehovudforma skilta syner kor garvarane heldt til. Brugata 3a heilt til høgre. I nr. 14, som er andre hus på venstre hand, hadde Mecanicus Ole Martin Gaarder sitt «Maskinværksted og Metalstøberi». Bilete frå ca. 1870.

Brugata (1–19 og 6–24) er ei gate i Oslo som går frå Storgata til Vaterlands bru. Brugata ligg på grensa mellom bydelane Grünerløkka og Sentrum. Nummer 1–19 høyrer med til bydel Grünerløkka, nummer 6–24 høyrer med til Sentrum.

Brugata passerer Lilletorget, der Stenersgata tek av mot sørvest og Christian Krohgs gate mot nord. Den første delen av gata fungerer som gågate då stoppestaden Brugata som ligg ved butikksenteret Gunerius i Storgata der Brugata startar, er lagt som ei «sperre» og det er ikkje mogleg å køyre ut eller inn herfrå. Sør for austre del av gata ligg Vaterlandsparken. Den vestre delen av gata er idag dominert av serveringsstader, innvandrarbutikkar og butikksenteret Gunerius.

Saman med søre del av Storgata var Brugata Christianias innfartsveg frå aust og nord etter bygginga av Vaterlands bru i 1654, og heitte Vaterlands Storgade.[1] Attmed vegen grodde det fram bondehandelsgardar som det fortsatt finst restar av. Bønder som kom inn til byen frå omlandet for å selje varer, tok inn på handelsgardane, der det gjerne også var skjenking av brennevin. Området låg utanfor byporten og var ikkje ein del av sjølve Christiania. [2]

Mange av dei store handelshusa i Christiania på 1800-talet hadde utspring i bondehandelen i området, mellom anna Jørgen Young, Christian Schou, Paul Olsen Thrane med fleire. [3]

Også flere garvarar heldt til i Brugata.

Utvalde bygningar[endre | endre wikiteksten]

Interiør i garden i Brugata 3a fotografert ca. 1890.
Foto: Olaf Martin Peder Væring / Oslo Museum

Brugata 1 er ein bygard som ligg på hjørnet mot Storgata, tvers overfor Gunerius. Bygninga er på fem etasjar med butikkar i første etasje og kontor i dei øvrige. Garden er frå 1870-1900.[4]I byrjinga av 1900-talet låg kinoen Folkekinematografen i bygningen.[5]Nummer 1 er verna som kulturminne.[6]

Brugata 6 før brannen i 1988
Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum

Brugata 3A er ein gamal bondehandelsgard. Den ligg i bakgarden og er samansett av ei svalgangsbygning i bindingsverk i to etasjar, samt ei sidebygning i mur. Handelsgarden er frå 1700-tallet og er freda. Brugata 3A er eit kulturminne og er sett saman av fleire bygningar; bondehandelsgarden, sidebygninga og bygningen som ligg ut mot sjølve gata.[7] I bygninga mot gata ligg Teddy's Soft Bar som opna i 1958 med servering av brus og milkshake.[8]Den har autentisk interiør frå 1950-talet.

Folkelivsmotiv i Brugata 6 av Wilhelm Peters. Frå samlinga til Oslo Museum.

Nummer 6 var ein bondehandelsgard reist av Arne Hansen Killerud i 1760-åra. Bygget var freda. Handelsgarden brann ned til grunnen i 1988.[9]Målaren Wilhelm Peters har måla ei scene frå gardsrommet i 1906 og Brugata 6 er omtala av Hans Børli i novella Ti mil:

« Bondelosjiet i Brugata 6 besto av en rekke låge trehus som lå i en halvsirkel omkring en åpen gårdsplass. Det minnet en om tunet på en landsens gård. Smale svalganger vendte ut mot gården, og innerst lå skur og stallbygninger. Ikke et menneske var å se da Marte dro kua med seg inn på gården.[10]... »

Brugata 9 er ein toetasjes bygard frå 1700-talet. Frå rundt 1850 til 1920 var det bevertning her og staden gjekk under namnet «Rottefella».[3] Garden brann i 1980 og blei bygd opp att. Den inneheldt i mange år restauranten Den Røde Mølle.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ole Daniel Bruun s.5
  2. Vaterland - en beryktet bydel frå Industrimuseum
  3. 3,0 3,1 Knut Are Tvedt s.101
  4. 4,0 4,1 Byantikvarens Gule liste
  5. Knut Are Tvedt s. 299
  6. Bygårdsanlegg - Brugata 1 i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  7. BRUGT. 3A - Handelsanlegg i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  8. Teddys Softbar – Oslopuls
  9. Brugata 6 Bondehandelen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  10. Børli 1987:23

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brugata i Oslo