
Finn Rindahl, fødd 1971, busett i Nesna i Nordland. Eg er utdanna teolog, men har og litt realfag i sekken, og er interessert i det meste. SUL gjer at eg er Finnrind på alle språk og prosjekt innan wikimediaverda.
Eg har oppretta ein brukarkonto her på nynorsk wikipedia først og fremst for at det skal synast kven eg er når eg gjer små endringar som interwiki og fiks på lenkjer. Eg byrja på nb: (de må orsake om eg av gammal vane skriv no: nokre stader), men er no mest aktiv på commons kor eg er administrator. Eg kan gjerne hjelpe til (eller formidle kontakt vidare til meir kvalifiserte hjelparar) om nokon skulle møte problem der.
At eg påstår at eg kan svært godt nynorsk skyldast oppsettet i babel, det er ikkje mine ord (eg skreiv berre nn-3... ). Eg skriv ikkje særleg godt nynorsk, og treng nok språkvask om eg skulle finne på å laga noko her (eg blir ikkje fornærma om nokon vaskar denne sida til dømes).
/monobook.js Spesial:Bidrag/CommonsDelinker /kladd