Brumunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brumunda er ei elv i Hedmark. Ho kjem frå Brumundsjøen i Vang over grensa inn i Ringsaker kommune nordanfor Høljemyra og går i sørleg retning til sør for Bersbuseter. Her bøyer ho mot sør vest for Godbrennhøgda og vidare mellom ganske steile bakkar til sør for Maridal. Frå her renn ho mot sørvest og munnar ut i Furnesfjorden ved Brumunddal. Elva har ganske stridt løp, men kan dei fleste stadane vadast. I den nedre delen av elva vart det danna mange fall som vart nytta som kraftkjelde for industrielle anlegg. Ho vart òg nytta til fløyting.

Brumunda dannar grensa mellom Furnes og Veldre, og var i mellomalderen grensa mellom Søndre og Nordre Hedemarken. Ho dannar dessutan dialektgrensa mellom den nordlege og sørlege varianten av hedmarksk. Nord for elva finst diftongane ei og øy, medan ein sør for elva seier e og ø. Vidare er dette ei av dei viktigaste gyteelvane for aure i Mjøsa.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Hedmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.