Brunskogsnigel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brun skogsnigel)
Gå til: navigering, søk
Brunskogsnigel


Nacktschnecke 01 KMJ.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Klasse: Gastropoda
Orden: Pulmonata
Familie: Arionidae
Slekt: Arion
Art: A. vulgaris
Vitskapleg namn
Arion vulgaris

Brunskogsnigel (Arion vulgaris), også kjend som brunsnigel eller mordarsnigel, er ein brunfarga landsnigel som nyleg er komen til Noreg. Arten er lenge blitt forveksla med iberiaskogsnigel.

Snigleinvasjon[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg kjem sniglane frå Sør-Frankrike. Gjennom import av jord og plantedelar har dei spreidd seg til Nord-Europa.

Brunskogsnigel er ein invasiv art i Noreg som først blei påvist i 1988. Den første staden snigelen heldt til var på Stord, men han spreidde seg snøgt og finst no langs heile norskekysten nord til Trondheimsfjorden. Det nordeuropeiske klimaet har passa han betre enn det søreuropeiske, og den nye sniglearten er årsak til at bestanden av vanlege skogsniglar går tilbake. Det er likevel mogleg for brunskogsnigelen å kryssa seg med vanleg skogsnigel.

Utsjånad og levevis[endre | endre wikiteksten]

Han blir òg kalla mordarsnigelen av di han kan eta andre sniglar.
Foto: Kjetil Lenes

Snigelen er raudbrun av farge med mørkare hovud og tentaklar. Yngre sniglar har lengdeband på sidene av kroppen og kappen. Vaksne sniglar blir som regel sju til femten cm lange. Dei et levande planter og hageavfall, og er rekna som eit problem i hagar, åkrar og gartneri. Han kan òg eta andre døde sniglar, og blir difor òg kalla kannibal- eller mordarsnigel.

Livssyklusen går over eitt år der vaksne individ legg opptil 400 egg om sommaren og hausten, før den døyr om vinteren. Egga klekker etter eit par veker og larvane overvintrar i jordholer og komposthaugar. Føda til brunskogsnigelen består av levande planter, hageavfall og døde artsfrendar.

Nedkjemping av brunskogsnigelen[endre | endre wikiteksten]

Brunskogsnigelen vert av menneska sett på som eit skadedyr, og han blir prøvd nedkjempa med mange metodar. Salt vert ofte nytta for å ta «kverken» både på iberiaskogsnigelen og andre sniglar, ettersom saltet tørkar ut snigelen på stutt tid. Problemet mange møter med denne metoden, er at dei døde sniglane særs ofte trekkjer til seg nye hordar med kannibalistiske iberiasniglar.

Eit anna botemiddel er å helle øl i ein isboks som ein så set i hagen, eller ved vegkanten der ein har observert snigelen. Øldunsten vil tiltrekkja seg sniglane som så druknar nede i isboksen.

Nokre stader vert moskusender brukte for å verta kvitt sniglane. Desse endene et brunsniglar.

Ein siste utveg er å bruka gift i kampen mot sniglane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]