Brunbrystparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brunbrystparakitt
Brunbrystparakitt Foto: Ron Knight
Brunbrystparakitt
Foto: Ron Knight
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Brunbrystparakitt
Utbreiinga av Brunbrystparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Psittacinae
Slekt: Pyrrhura
Art: Brunbrystparakitt P. calliptera
Vitskapleg namn
Pyrrhura calliptera

Brunbrystparakitt (Pyrrhura calliptera) er ein liten, sårbar parakitt med særs lite utbreiingsområde i spreidde førekomstar i Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brunbrystparakitten er 22-23 centimeter i kroppslengd. Han har grøn overside og overgump, grøne kroppsider og grønt i andletet, elles raudbrun hale og sentrale buk, raudbrun øyredekkarar, hals og nakke er i gråbrunt, krona og nakken i brunt med grøne fjørkantar, primære dekkfjører er gule og ofte med litt oransje, primærfjørene er blåe. Han har kvit augering. Desse fuglane kan vere støyane og produsere læte i flukt, typisk eit høgt og hardt 'kri-kri-kri'.

Dei lever i utkanten av skog, oftast i lågveksten elfinskog, og i gjenveksten skog, gjerne nær kultivert land og páramo, totalt i høgder mellom 1700 og 3400 moh. Utbreiingsområdet er i dag avgrensa frå Cundinamarca nordover til Santander. Her lever dei av bær, frukter og dyrka mais.

Hekkeperioden er i perioden august til oktober, elles er lite kjent om forplantingsbiologien.

Populasjonen er estimert til 5 000-10 000, og er trudd å vere minkande. Han er jaga av menneske fordi han gjer skade på maisavlingar. Dessutan taper han habitat grunna avskoging og anna menneskeleg aktivitet. IUCN har klassifisert arten som sårbar, VU.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunbrystparakitt