Brunlangøyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brunlangøyre

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Brunlangøyre
Brunlangøyre

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Flaggermus
Familie: Glattnasefamilien
Slekt: Plecotus
Art: P. auritus
Vitskapleg namn
Plecotus auritus

Brunlangøyre, Plecotus auritus (tidlegare kalla langøyreflaggermus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa frå Portugal i vest til Uralfjella i aust og nord til Skandinavia.[1] Brunlangøyre finst i store delar av Sør-Noreg nord til Nord-Trøndelag.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Arten er kjend for å ha store øyrer, men veg 5-12 gram. Kroppslengda er 42-53 mm, medan vingespennet er 240–285 mm og underarmslengda 34-42 mm.

Ekkolokalisering[endre | endre wikiteksten]

Ekkolokaliseringssignala til brunlangøyra kan øyrast ut som ein rask, tikkande lyd som liknar artene i slekta Myotis, dersom dyret er innan 2-5 meters hold med ein detektor innstilt på heterodyning. Skrika høyrest sterke ut på 26 og 59 kHz, men best på ca. 42 kHz. Arten send ut veldig svake ultralydsignal, så dei er vanskelege å registrere med flaggermusdetektor.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Gjennomsnittleg levealder for flaggermusarten er 4,5 år, medan høgaste kjende levealder er 30 år. Ungar blir flygedyktige etter 4-6 veker og fødest i juli. Hoene blir kjønnsmodne allereie i sitt andre leveår og paringa finn stad på hausten, men kan også skje gjennom vintersesongen. Hoene får til vanleg ein unge i kullet og eit kull i året. Ynglekoloniane dannast i april til mai. Desse har som oftast 10 til 50 hoer, men kan også ha opp til 100. Hannar, hoer og ungar er ofte i dei same koloniane og ynglinga finn stad på loft i bygningar eller hole tre. Dyra er nokså spreidd på koloniplassen, noko som er vanleg for dei feste flaggermusartar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet til brunlangøyre
  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brunlangøyre