Brunrotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Brunrotte

Brunrotte
Brunrotte
(Rattus norvegicus)

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Rodentia
Familie: Muridae
Slekt: Rattus
Vitskapleg namn
Rattus norvegicus

Brunrotte (Rattus norvegicus) er truleg den arten dei fleste tenkjer på som ei typisk rotte. Han høyrer til musefamilien, men kan bli 29 cm lang.

Brunrotte formerer seg raskt. Hoa går drektig i berre 21 dagar og får 8-15 ungar i kvart kull. Ungane vert kjønsmodne etter eit par månader. Kvar horotte får fire til sju kull per år. Ei rotte lever typisk i om lag eitt år, men dette kan variera mykje med tilhøva.

Arten stammar frå tempererte delar av Asia, men kom til Europa alt i mellomalderen, til Noreg kring 1750.

Namnet norvegicus fekk arten av di det individet som vart brukt til den første vitskaplege skildringa av han, hadde kome til London med eit norsk skip.

Viss ho kan, trekjer brunrotta innomhus når hausten og vinteren kjem. Rotter kan "invadera" bygningar, også bustadhus. I tillegg til skadene dei påfører bygningar og innbo, fører rotter ofte med seg svært vond lukt. Dei kjem seg som regel inn gjennom kloakksystemet, og kan vera svært vanskeleg å bli kvitt.