Brunswick-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brunswick-halvøya.

Brunswick-halvøya (spansk: Península de Brunswick) er ei stor halvøy heilt sør i på det chilenske fastlandet. Halvøya dekkjer eit areal på om lag 6300 km2. Den største busetnaden på halvøya er byen Punta Arenas, som ligg på austkysten. Halvøya ligg i Punta Arenas kommune, i provinsen Magallanes i Región de Magallanes y de Antártica Chilena.

Sør og vest for halvøya ligg fleire av øyane i Eldlandet, m.a. Desolación-øya, Santa Inés-øya, Clarence-øya, Aracena-øya samt Dawson-øya i søraust.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]