Bruschghorn
| Bruschghorn | |
| fjell | |
|
Bruschghorn frå vest; Turrahuus i Safiental
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Dei lepontinske Alpane |
| høgd | 3 056 moh |
| koordinatar | |
Bruschghorn er eit 3 056 meter høgt fjell i den sveitsiske kantonen Graubünden. Bruscghorn er hovudtoppen på ein 2200 m lang og nokså jamnhøg fjellrygg. Frå 3 036 m høge “Schwarzhorn” (=Svarthorn) må ein knapt 40 meter ned fjellryggen før ein etter kring 520 meter luftlinje når “Gelbhorn” (=Gulhorn), som også er 3 036 moh. Derifrå er er det 1 100 meter vidare til sjølve Bruschghorn. Mellom Gelbhorn og Bruschghorn må ein ned ca 80 høgdemeter. 680 meter nord for hovudtoppen er eit namnlaust toppunkt på 3 044 m, ryggen mellom denne høgda og hovudtoppen er heile vegen over 3 000 meter over havet.
Alle toppane, frårekna den nordlegaste og namnlause 3 044 m høge toppen, som høyrer til Safien, ligg på grensa mellom Safien og Safiental i vest og Casti-Wergenstein i Schams i aust.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bruschghorn» frå Wikipedia på tysk, den 8. mars 2010.