Trolltinden i Vestnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brustinden)
Trolltinden
fjell
Trolltinden (midt i bildet) sett frå sør.
Land  Noreg
Område Vestnes (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Halvøya mellom Romsdalsfjorden
og Storfjorden
Høgd 1 170[1] moh.
Primærfaktor 857[2] m
Kart
Brustinden
62°34′25″N 6°58′39″E / 62.57375°N 6.97738°E / 62.57375; 6.97738

Trolltinden[3] er eit fjell i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Det har ei høgd på 1 170 meter over havet. Fjellet ruvar over nordsida av Skorgedalen, og dannar ein karakteristisk dobbelttopp saman med den austlege grannen Ytstetinden. På andre sida av desse toppane ligg Tomrefjorden. Det er lettast å nå Brustinden opp vestryggen, som ein kan nå både frå Skorgedalen og frå Tomrefjorden.

Fjellet vert nokon gonger feilaktig kalla Brustinden, som eigenleg er namnet på fjellryggen sør og austom Remmemstinden (Stortinden), rundt 2,5 kilometer austom Trolltinden.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trolltinden på Norgeskart.no frå Statens kartverk
  2. «Trolltinden - 1170moh». peakbook.org. 9. mars 2016. Henta 3. februar 2017. 
  3. «Trolltinden». Faktaark. Kartverket. Henta 3. februar 2017.