Bryggja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryggja
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Areal 0,42 km²
Folketal 348  (2023)
Folketettleik 829 / km²
Postnummer 6711 BRYGGJA
Kart
Bryggja
61°56′18″N 5°25′49″E / 61.93839°N 5.43032°E / 61.93839; 5.43032

Bryggja er ein tettstad og ei bygd i Stad kommune i Vestland fylke (tidlegare i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke).[1]

Tettstaden hadde 348 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på nordsida av Nordfjord, på fastlandet, 21 kilometers køyring aust for Måløy. Staden vart busett tidleg på 1600-talet og fekk handelsprivilegium i 1640. På 1700-talet hadde eigarane av handelsstaden einerett på handel i Hyen og Davik.

Her ligg Bryggja omsorgssenter og barneskulen Bryggja skule. Staden har òg daglegvarebutikk, bensinstasjon og bakeri. Verksemda North Cape Minerals som vinn ut olivin i Lefdal, er ein viktig arbeidsplass.

Skodespelaren og spelmannen Alfred Maurstad kom herfrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]