Bryggje
Ei bryggje, òg skrive brygge, bryggja eller brygga, er, slik ordet vert bruka frå Nordmøre og nordover, eit sjøhus som ligg heilt i sjøkanten, gjerne slik at båtar har tilflott, det vil seie at dei kan verte fortøyde heilt innåt brygga for lasting og lossing.
Ei brygge bør ha ei vinne for å heise last i eller frå båtane.
Brygga vart bruka som lager for utstyr som skulle brukast på sjøen og for varer som skulle skipast ut eller var førte til lands.
I byane hadde gjerne kvar handelsmann si brygge. Gardar som låg eit stykke frå sjøen, kunne ha si eiga brygge ved sjøen, ofte slik at mange gardar hadde bryggene ståande attmed kvarandre. Somme stader var det vanleg å innreie bryggeloftet for overnatting.
Med moderne transportmønster er det lite trong for tradisjonelle brygger. Dei bryggene som er tekne vare på, har stort sett fått eit nytt bruksområde. Dei kan likevel ha namnet brygge i behold[1].
[endre] Sjå òg:
- Sørover kysten vert ordet brygge bruka om eit kai, spesielt når det står vinkelrett på kystlina.
- Byen Brugge vert uttala som brygge.
[endre] Fotnoter
- ↑ Lydiabrygga i Sjøgata i Mosjøen vart eit kulturpolitisk symbol i arbeidet for å ta vare på gamle hus.