Bryllaupet mellom arvestorhertug Guillaume og grevinne Stéphanie de Lannoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monogrammet til arvestorhertug Guillaume av Luxembourg og arvestorhertuginne Stéphanie av Luxembourg.

Bryllaupet mellom arvestorhertug Guillaume og grevinne Stéphanie de Lannoy fann stad 19. og 20. oktober 2012 i Luxembourg i Luxembourg. Ein borgarleg seremoni vart halden 19. oktober med ein katolsk seremoni i Kathedral Notre-Dame dagen etter. Bryllaupet var den største hendinga i den luxembourgske storhertugfamilien og landet på fleire år.[1] Grevinne Stéphanie de Lannoy fekk titlane prinsesse av Luxembourg, arvestorhertuginne av Luxembourg, arveprinsesse av Nassau og prinsesse av Bourbon-Parma etter bryllaupet. Mellom dei to bryllaupa 19. og 20. oktober hadde ho berre tittelen prinsesse av Luxembourg.

Før bryllaupet var arvestorhertug Guillaume av Luxembourg var den siste ugifte arvingen av eit monarki i Europa.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Guillaume i 2009.

House Nassau-Weilburg, som er sett saman av mellom anna Den luxembourgske storhertugfamilien, har regjert i Luxembourg sidan 1890.[3] Guillaume er venta å etterfylgje far sin, storhertug Henri av Luxembourg, som den 7. storhertugen av Luxembourg.

Grevinne Stéphanie de Lannoy er frå ein belgisk adelsfamilie som er rekna som ein av dei eldste aristokratiske familiane i Europa.[1][3] Ho er den yngste av åtte brør og systrer.[3] Stéphanie er utdanna ved Université catholique de Louvain. Ho er fleirspråkleg, og meistrer fransk, tysk og russisk.[1]

Bryllaupet mellom Guillaume og Stéphanie var ikkje kontroversielt.[1] Guillaume og Stéphanie hadde kjend kvarandre i fleire år. Paret starta å ha lag i 2009.[1] Dei annonserte trulovinga i april 2012.[4] Arvestorhertug Guillaume var 30 år og Stéphanie var 28 då dei gifta seg.[1]

Mor til Stéphanie, Alix de Lannoy, døydde av hjerneslag 26. august 2012, berre to månadar før bryllaupet.[4]

Bryllaupet skal ha kosta om lag 500 000 euro, eller nesten fire millionar norske kronar.[3] Den to dagar lange seremonien inkluderte gatemessar, fyrverkeri og gratiskonsertar. I tillegg var alt ope for publikum.[3] Statsborgarskapet til Stéphanie vart framskunda før bryllaupet, til noko usemje i Luxembourg.[1] Ho vart ein vanleg luxembourgsk statsborgar 19. oktober 2012.[3]

Seremoniane[endre | endre wikiteksten]

Kathedral Notre-Dame.

Den borgarlege seremonien[endre | endre wikiteksten]

Guillaume og Stéphanie vart gift i ein liten borgarleg seremoni 19. oktober 2012, gjennomført av den luxembourgske borgarmeisteren Xavier Bettel.[2][3]

Den religiøse seremonien[endre | endre wikiteksten]

Den meir forseggjorte katolske seremonien vart halden i Kathedral Notre-Dame dagen etter den private seremonien.[3] Seremonien, som starta like etter klokka 11.00 20. oktober 2012, vart leia av erkebiskop Jean-Claude Hollerich frå det katolske erkebispedømet av Luxembourg.[3] Vêret 20. oktober vart skildra som «svært varmt».[3] Stéphanie vart eskortert inn i katedralen av eldstebror sin, grev Jehan.[3] Guillaume kom til katedralen med mor si, Maria Teresa av Luxembourg.[3]

Brura og brudgomen utveksla gifteringar av rettferdig handla gull.[3]

Etter seremonien utveksla paret eit offentleg kyss på balkongen på Groussherzogleche Palais.[3]

Klede[endre | endre wikiteksten]

Brurekjolen til Stéphanie var designa av den libanesiske motedesignaren Elie Saab.[3] Ho nytta eit 13 meter langt silkeslep[3] og ein tiara som tilhøyrer familien Lannoy.

Prins Guillaum var kledd i luxembourgsk militæruniform.[3]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Luxembourg royal wedding: Crown Prince Guillaume weds», BBC News (på engelsk), 20. oktober 2012, henta 25. oktober 2012 
  2. 2,0 2,1 Rodriguez, Cecilia (20. oktober 2012), «Luxembourg's Royal Wedding Eliminates Europe's Last Bachelor Heir», Forbes Magazine (på engelsk), henta 25. oktober 2012 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 3,14 3,15 3,16 Siuberski, Philippe (20. oktober 2012), «Europe's elite gather for Luxembourg royal wedding», Agence France Press, arkivert frå originalen 23. oktober 2012, henta 25. oktober 2012 
  4. 4,0 4,1 «Bride's mother dies two months before Luxembourg royal wedding», Hello (på engelsk), 21. oktober 2012, henta 25. oktober 2012