Bryllaupet mellom fyrst Albert II og Charlene Wittstock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fellesmonogrammet til fyrst Albert II av Monaco og fyrstinne Charlène av Monaco.

Bryllaupet mellom fyrst Albert II og Charlene Wittstock fann stad 1. og 2. juli 2011 i Fyrstepalasset i Monaco.

Fyrst Albert II av Monaco er den noverande regjerande fyrsten i Monaco, som etterfylgde far sin Rainier III av Monaco i april 2005. Fyrsten møtte Charlene Wittstock under ei symjetevling i Monaco i 2000. Wittstock er fødd i Rhodesia (no Zimbabwe), men flytta til Sør-Afrika med familien sin då ho var 12 år. Ho har representert Sør-Afrika i symjing, og deltok i Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho la opp som konkurransesymjar i 2007. Fyrst Albert II av Monaco har også vore idrettsutøvar. Han konkurrerte i bobsleigh i fem OL.

Paret vart fyrst sett saman i 2006. 23. juni 2010 annonserte dei trulovinga.

Den private seremonien fann stad fredag ​​1. juli 2011 i Throne Room i Fyrstepalasset. Seremonien vart leia av Philippe Narmino, direktør for Judicial Service og president i Council of State. Charlene Wittstock var kledd i ei silkeblå jakke med fotside bukser frå Chanel. I samband med den private seremonien fekk Wittstock den formelle tittelen sin. Til stades ved seremonien var systrene til fyrsten, prinsesse Caroline av Hannover og prinsesse Stephanie av Monaco, samt trulovarane Christopher Levine og Donatella Knecht de Massy, som fungerte som vitne for brudgommen og brura.

Den religiøse seremonien fann stad dagen etter på gardsplassen ved fyrstepalasset. I motsetning til andre nyare kongelege bryllaup, var den religiøse seremonien ikkje halden i ein katedral. Seremonien vart leia av erkebiskop Bernard Barsi. Ein del av seremonien var på afrikaans, eit språk med nederlandsk opphav, som vert prata i heimlandet til brura, Sør-Afrika.

Etter den private seremonien 1. juli vart Charlene Wittstock kjend som fyrstinne Charlène av Monaco.

Gjester[endre | endre wikiteksten]

Den monegaskiske fyrstefamilien[endre | endre wikiteksten]

  • Pauline Ducruet
  • Camille Marie Kelly Gottlieb
  • Christian Louis de Massy
  • Cécile de Massy
  • Brice Souleyman Gelabale-de Massy
  • Antoine de Massy
  • Baronesse Elisabeth-Anne de Massy
  • Baron Jean-Léonard Taubert-Natta de Massy
  • Mélanie-Antoinette Costello de Massy
  • Keith Sebastian Knecht de Massy
  • Christine Knecht de Massy
  • Alexia Knecht de Massy
  • Vittoria Knecht de Massy

Familien til Charlene Wittstock[endre | endre wikiteksten]

  • Michael Wittstock
  • Lynette Wittstock
  • Gareth Wittstock
  • Sean Wittstock

Kongelege[endre | endre wikiteksten]

Ikkje-regjerande kongelege[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktar og diplomati[endre | endre wikiteksten]

Idrettsutøvarar[endre | endre wikiteksten]

Moteindustrien[endre | endre wikiteksten]

Kjendisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!