Bryne
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Time i Rogaland | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 10 275 (2011) | |
| Folketettleik | 1 924,2 /km² | |
| Areal[1] | 5,34 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | Jærbanen |
|
| Postnummer | 4340 BRYNE | |
| Preposisjon | på Bryne | |
Bryne er ein by og tettstad i Time kommune i Rogaland fylke. Bryne ligg om lag 25 minutt med tog langs Jærbanen sørover frå Stavanger. Bryne har 10 275 innbyggjarar (2009). Ein del av det tilgrensande tettbygde arealet i Klepp kommune vert rekna med til tettstaden Bryne.
Namnet «Bryne» kjem frå norrønt brún ('kant, skrent') og -vin ('eng').
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Bryne voks opp som ein stasjonsby rundt Time Station langs Jærbanen, som blei opna i 1878. Staden blei eit senter for handel, industri, økonomi og etter kvart utdanning. Av ulike institusjonar blei bedehuset Saron opna her i 1878, Jæderen Meieri og Jæderens Uldvarefabrik i 1898, meieriskule i 1906, og Rogaland Landsgymnas i 1924.
I 1921 vart det ved folkeavstemming bestemt at Time Station skulle endre namn til «Bryne». Bryne voks fort til å verta den største tettstaden på Jæren
2001 blei Bryne ein by.
[endre] Sport
Den lokale fotballklubben Bryne FK spelar per 2011 i 1. divisjon.
Rosseland Ballklubb spelar i 3.divisjon.
[endre] Kultur
1. oktober 2004 vart Fritz Røed-parken opna i parkområdet kring Mølledammen i Bryne sentrum. Parken har fleire skulpturar av kunstnaren Fritz Røed, som voks opp på Bryne.
I 2012 opnar Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Det skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne Garborg og Hulda Garborg sine tankar og visjonar. Målet er å inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og senteret skal vera ein sosial møteplass.
Den lovande forfattaren Nils Henrik Smith (f. 17. august 1980) er oppvaksen på Bryne. Den første romanen hans, Manhattan Skyline (2007), blei tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris i 2008. I 2009 kom hans andre roman, Austerrike, utgjeven på Det Norske Samlaget.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.