Mons Ivar Mjelde var Bryne sin hovudtrenar i 2009.
Foto: Jarle Vines
Bryne fotballklubb vart stifta 10. april 1926, og spelar på heimebana Bryne stadion. Bryne ligg midt på Jæren, slagord som «Jærens eige lag» og «Jærens superlag» er uttrykk for det.
Klubben vart i 1987 noregsmeister i fotball. Cupsigeren i 1987 kom etter mål av trøndaren Kolbjørn Ekker i finalen mot Sportsklubben Brann.
Seriesylv i 1980 og 1982 kan óg nemnast.
Mørketida [endre]
Klubben var i 1. divisjon (tilsvarande eliteserien) frå 1976 til 1988. Perioden 1989-99 blir gjerne kalla for mørketida eller ørkenvandringa i klubbhistoria. Trass i fleire gode framstøyt med namngjetne spelarar i rekkjene lukkast det aldri heilt denne tiårsperioden. Omgrepet "Haustsprekken" blei lansert som ein forklaringsmodell av lokale ekspertar, ettersom Bryne ofte leia tabellen i suveren stil etter vårsesongen, for dernest å detta nedover tabellen på hausten. Men så, etter 10 år i kjellaren, rykka klubben opp igjen til eliteserien hausten 1999.
Comeback i Tippeligaen [endre]
For ein liten klubb som Bryne blei det ein tøff retur til den norske toppdivisjonen. Kvar sesong var ein kontinuerleg kamp for å unngå nedrykk. Men trass i at laget kvart år blei tippa ned av ekspertane klorte dei seg fast. Spelestilen var kjenneteikna meir av fysisk styrke enn av teknisk finesse; eit kjennemerke som gjorde Bryne lite populære i Fotball-Noreg. Etter fire seongar, der 2002 utmerka seg i positiv forstand, måtte klubben ta den tunge vegen ned i 1. divisjon hausten 2003. Med seg på vegen fekk dei den tvilsame æra av bli det første toppserielaget nokonsinne som tapte alle bortekampane.
Kjende spelarar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
| Bryne – Spelarstallen 2011 |