Brynjulv Olsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brynjulv Olsson (f. ca. 1700) er den første spelemannen ein veit om i Tinn. Han var oldefar til Knut Dale.

Brynjulv skal ha kome til Tinn frå Numedal, og var son av ein Ola Lett, som og spela fele. I Tinn vart han forpaktarspelemann, og hadde kongebrev på retten til å spela i bryllaup og lag. Han gifte seg i Tinn og fekk 18 born, mellom dei Olav Brynjulvsson Sønnstaul, som førte speltradisjonen vidare.

Brynjulv Olsson er mint i gangaren Brynjulv Olsson, som og er kjend som Haugelåten. Denne vart skriven ned av Johan Halvorsen, og utarbeidd for klaver av Edvard Grieg.