Buško Blato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buško Blato
Stad I Bosnia-Hercegovina, nær grensa til Kroatia
Koordinatar 43.6297° N 17.0528° E
Tilknytte land Bosnia-Hercegovina
Overflateareal 55,8 km²
Vassvolum 782 mill. m³
Høgd over havet 716 m

Buško Blato (Jezero) er ein innsjø på sørsida av Livanjsko Polje i Bosnia-Hercegovina. Namnet vert òg brukt om området rundt innsjøen, der fleire landsbyar ligg. Prisoje er den største av desse. Dette området er hovudsakleg busett av kroatar med romersk-katolsk tru.

Innsjøen ligg 716 meter over havet og dekkjer eit areal på 55,8 km² og har eit totalt volum på 782 millionar m³. Ein tredjedel av innsjøen ligg i kommunen Livno, medan resten ligg i Tomislavgrad.

Buško Blato (blato tyder «myr» eller «sump» på kroatisk) var opphavleg eit myrområde fram til 1974 då ein omforma området til ein innsjø (jezero tyder «innsjø» på kroatisk). Regjeringane i Bosnia-Hercegovina og Kroatia (som begge var republikkar i Jugoslavia på tida) arbeida saman på eit prosjekt om å byggje eit vasskraftverk i Ruda (i kommunen Otok i Kroatia) kalla Orlovac, som ville ha gjeve 366 GWh i året.

Innsjøen inneheld mykje fisk som karpe, aure, aurekyte, prøysisk karpe og årbuk.