Buachaille Etive Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 56°38′50.29″N 4°53′52.07″W
Buachaille Etive Mòr
Stob Dearg
Munro, marilyn
none  Stob Dearg frå Glen Etive
Stob Dearg frå Glen Etive
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Topp Glen Etive
 - høgd 1 022 moh
 - skardhøgd 533 m
 - koordinatar 56°38′50.29″N 4°53′52.07″W

Buachaille Etive Mòr (Skotsk-gælisk Buachaille Eite Mòr, som tyder «den store gjetaren frå Etive»), generelt berre kalla The Buachaille eller The Beuckle[1], er eit fjell øvst i Glen Etive i Dei skotske høglanda i Skottland. Det har nesten ei perfekt pyramideform sett frå hovudvegen A82, og er eit av dei lettast gjenkjennelege fjella i Skottland, ofte vist på postkort og kalendrar.

Buachaille Etive Mòr består av ein nesten 8 km lang rygg og er nesten omkrinsa av River Etive og sideelvane hennar. Ryggen består av fire toppar: Stob Dearg (1022 m), Stob na Doire (1011 m), Stob Coire Altruim (941 m) og Stob na Bròige (956 m). Stob Dearg og Stob na Bròige er begge Munroar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]