Hornfuglar
| Hornfuglar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Coraciiformes | |
| Familie: | Bucerotidae | |
Hornfuglar, og kalla nashornfuglar og hornfuglfamilien, vitskapleg namn Bucerotidae, er fuglar med utbreiing i tropisk og subtropisk Afrika og Asia. Kjenneteiknet for hornfuglar er eit kraftig og nedbøygd nebb som ofte har klåre farger og som kan ha ein utvekst på oversida av overnebbet. Både det vitskaplege namnet på familien og det norske namnet viser til forma på nebbet, gresk 'buceros' = kuhorn. I tillegg har dei todelt nyre. Dei to første nakkevirvlane hos hornfuglar er samanvaksne, truleg gjev det ein meir stabil plattform for å bere nebbet, hornfuglar er dei einaste med ein slik virvel. Fuglane i familien er altetande, dei beitar på frukt og smådyr. Dei er vanlegvis monogame holerugarar med reir i tre, somme artar òg i fjellskrentar. Ei rekkje artar av hornfuglar er trua av utrydding, dette er hovudsakleg artar med avgrensa leveområde på øyar.
Innhaldsliste |
Skildring[endre]
Familien Bucerotidae samlar om lag 57 nolevande artar, men ei rekkje uklåre artar kan framleis bli splitta i fleire artar. Distribusjonen er frå Afrika sør for Sahara gjennom tropisk Asia til Filippinane og Salomonøyane. Dei fleste er knytt til skogshabitat, men dei store maskehornramnane, Bucorvus, er terrestriske fuglar på opne savannar. Av dei 23 artane som finst i Afrika lever 13 i meir opne skogar og på savannar, og nokre artar førekjem òg i svært fuktige miljø. Dei resterande artane finst i tett skog. Dette står i motsetnad til Asia kor ein enkelt art førekjem på opne savannar og resten er skogsartar.
Hornfuglar viser merkbar variasjon i storleik innan familien, og varierer i størrelse frå svartdvergtoko (Tockus hartlaubi), på 102 gram og 30 cm, til raudmaskehornramn (Bucorvus leadbeateri), på opp til 6,2 kg og 1,2 m. Hannar er alltid større enn hofuglar, men i kva grad dette gjelder varierer med arten. Omfanget av kjønnsdimorfisme skil seg frå kroppsdel til kroppsdel, for eksempel er forskjellen i kroppsmasse mellom hannar og hofuglar mellom 1 og 17 %, men variasjonen er 8-30 % for nebblengd og 1-21 % i venglengd.
Det mest karakteristiske trekket ved hornfuglar er eit tungt nebb, støtta av kraftige nakkemusklar samt dei to samanvaksne nakkevirvlane. Den store nebbet vert brukt i kamp, fjørpleie og til bygging av reir, samt til fangst av byttedyr. Ein unik funksjon for hornfuglar er ein utvekst, casque eller «hjelm», ein hol struktur som går langs overnebbet. Hos enkelte artar er han knapt merkbar og ser ikkje ut til å tene nokon funksjon utover å styrkje nebbet. Hos andre artar er han ganske stor, er forsterka med bein, og har opningar mellom holrom i sentrum som gjev resonans for lydar. Hos hjelmhornfugl er ikkje utveksten hol, men er fylt med «hornfuglelfenbein» og brukast som ein slags rambukk i dramatiske luftkampar. Slike casque-kampar har òg vore observert blant storhornnebb.
Foto: Flickrbrukar digitalART2
Fjørdrakta hos hornfuglar er vanlegvis svart, grå, kvit eller brun, men ofte motvirka av sterke farger på nebbet, eller flekkar av naken hud i ansiktet eller hudfolder. Nokre artar viser kjønnsdimorfisme her; blåmaskehornramn for eksempel, rein blå hud i ansikt og på hals kjenneteiknar ei vaksen ho, og raud og blå hud syner at det er ein vaksen hann. Lydnivået blant hornfuglar er høgt, og det varierer artstypisk.
Åtferd[endre]
Hornfuglar har kikkertsyn, men i motsetnad til dei fleste fuglar med denne eigenskapen vil nebbet åt hornfuglen trengje inn i synsfeltet. Dermed ser dei òg nebbspissen og det aukar presisjonen når dei handterer matbitar med nebbet. Auga er verna av store augevippar som kan gje skugge.
Diett[endre]
Hornfuglar er altetande fuglar, med frukt, insekt og smådyr på menyen. Når maten er tatt med spissen av nebbet er tunga for kort for å ta inn maten i munnen og svelgje han direkte, så dei må kaste matstykket inn i halsen med eit rykk med hovudet. Artar som lever både på opent land og i skog er altetande, fruktspesialistar finn ein i reine skogshabitat medan fleire kjøtetande artar finst i opent savannar. Skogslevende artar av hornfuglar reknast å vere viktig frøspreiarar.
I nokre fall vil hornfuglar forsvare eit fast territorium, i andre fall ikkje. Slik åtferd er relatert til kosthald, til dømes er fruktetarar lite territoriale fordi fruktkjelder ofte er spreidde over større område.
Forplanting[endre]
Hornfuglar generelt dannar monogame par, sjølv om enkelte artar rugar kooperativt. Hofuglar legg opp til seks kvite egg i eksisterande hòl, enten i tre i skogen eller opningar i fjellet. Ofte er det naturege hòl, men somme artar kan ha reirplassar som er forlatne av spettar og skjeggfuglar. Paret kan nytte same hekkeplass i fleire følgjande år. Før egglegging og hekkinga tar til, vil hoa, assistert av hannen sørgje for å lukke inngangen til reirhòlet med ein vegg av leire, avføring og fruktcellulose. Når hofuglen er klar til å legge egga er inngangen akkurat stor nok for å passere inn, og etter at hun har gjort det vil opninga som står att òg bli forsegla. Men det vil framleis vere opning til å la hannen føre inn mat til hoa og seinare til ungane. Føremålet med denne åtferda er openbart knytt til å verne reirområdet mot rivaliserande hornfuglar. Forseglinga kan gjerast på få timar, hos dei fleste artar tar det eit par dagar. Etter det tar det ytterlegare fem dagar for første egg vert lagt. Storleiken på kullet varierer frå eitt eller to egg hos store artar til opptil seks egg for mindre artar. Under rugeperiode vil hofuglen gjennomgå ei fullstendig myting av alle fjør i parallell. Det har vore hinta at mørket i hòlrommet løyser ut ei hormonstyrt myting. Ikkje-rugande hoer og hannar går gjennom ein sekvensiell myting. Når ungane er for store til å ha plass i reiret saman med forelderen, bryt ho ut, og begge foreldra matar ungane. Hos enkelte artar kan mora byggje opp att veggen, hos andre artar kan ungane sjølv byggje opp veggen utan assistanse. Maskehornramnane, Bucorvus, er konvensjonelle hòlerugarar utan denne åtferda med forsegling av inngangen.
Samhandlingar med andre artar[endre]
Ei rekkje hornfuglartar er tilpassa sameksistens med andre dyrearter. For eksempel har hornfuglar i Afrika mutualisme med dvergmungoar, dei et saman og åtvarar kvarandre mot rovfuglar og andre predatorar som kjem nær. Andre forhold er kommensialistiske, for eksempel når hornfuglar følgjer apekattar og andre dyr og et insekt som blir skremt opp.
Artsliste[endre]
Hornfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
|
|
|
Bakgrunnsstoff[endre]
- Videoar av hornfuglar hos Internet Bird Collection
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hornbill» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2009
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 5. juli 2009]