Bucureşti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bucureşti
Flagget til Bucureşti Byvåpenet til Bucureşti
Flagget til Bucureşti Byvåpenet til Bucureşti
Kallenamn
«Vesle Paris, Austens Paris»
Motto
«Patria si Dreptul Meu»
(Mitt land og min rett)
Plassering
Bucureşti is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Bucureşti kommune
Grunnlagd 1459
Borgarmeister Sorin Oprescu
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

228 km²
238 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1 931 838
  8 473 /km²
2 600 000
Koordinatar 44°26′7″N 26°6′10″EKoordinatar: 44°26′7″N 26°6′10″E
Høgd over havet 60 - 90 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 0xxxxx
Retningsnummer (tlf) +40 x1
Bilnummer B
Nettstad: www.pmb.ro


Bucureşti (eller Bukarest) er hovudstaden i Romania, samt det økonomiske og industrielle sentrumet i landet. Byen ligg søraust i landet ved elva Dâmboviţa. Sjølve Bucureşti by har om lag 1,9 millionar innbyggjarar, medrekna storbyområdet om lag 2,6 millionar. Dette som gjer byen til den største mellom Berlin og Istanbul. Bucureşti er den mest velutvikla byen i landet og er eit industrielt kjerneområde søraust i Europa. Bykommunen Bucureşti ligg administrativt på same nivå som eit judeţ (fylke), som er inndelt i seks sektorar.

Byen ligg søraust i landet ved breidda av elva Dâmboviţa. Han vart opphavleg kalla Dâmboviţa.

Som ein europeisk by er ikkje Bucureştisærleg gammal. Han vart første gong nemnd i 1459.[2] Sidan den gong har byen endra karakter mange gonger og vart hovudstad i Romania i 1862 og heldt stø kurs som senter for rumensk massemedia, kultur og kunst. Byen har bygg som er ei blanding av historisk, mellomkrigstids, kommunistisk og moderne arkiktetur. I mellomkrigstida førte den elegante arkitekturen og den sofistikerte eliten til at Bucureşti fekk kallenamnet «Austens Paris» eller «Vesle Paris» (Micul Paris).[3] Sjølv om mange byggverk og bydelar i det historiske sentrumet vart øydelagd av krig, jordskjelv og systematiseringpolitikken til Nicolae Ceauşescu, er det framleis mange som står att. Dei seinare åra har byen opplevd ein økonomisk og kulturell vekst.[4]

Økonomisk er byen den mest velståande i Romania[5] og er eit av dei viktigaste industrisentra og transportknutepunkta i Aust-Europa. Som den mest utvikla byen i Romania har Bucureşti og mange utdanningsinstitusjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Restane av Curtea Veche, det kongelege hoffet i Bucureşti i mellomalderen.
Bucureşti i 1837
CEC-palasset og den kongelege garden

Bucureşti har både utvikla seg og forfall heilt sidan dei tidlege busetnadane i antikken og fram til han vart hovudstad i Romania på 1800-talet.

Han vart først nemnd i 1459 og vart residens for fyrst Vlad Tepes av Valakia. Det gamle fyrstepalasset (Curtea Veche) vart bygd av Mircea Ciobanul og under dei neste herskarane vart Bucureşti sommarresidens for hoffet og kjempa med Târgovişte om status som hovudstad etter at Det osmanske riket hadde kome til sørlege område av Muntenia og kravde overhøgd.

Bucureşti vart brend ned av osmanarane og ein periode på byrjinga av 1600-talet vart han forlatt av fyrstane. Byen vart derimot bygd opp att og heldt fram å vekse og utvikle seg økonomisk. Sentrumet var rundt gata Uliţa Mare, som frå 1589 vart kalla Lipscani. Før 1700-talet var han det viktigaste handelssenteret i Valakia og vart permanent residens for hoffet i Valakia etter 1698 (frå og med regjeringstida til Constantin Brâncoveanu).

Han vart delvis øydelagd av naturkatastrofar og bygd opp att fleire gonger dei neste 200 åra. Han vart råka av Carageapeste i 1813-1814 og byen vart rykt bort frå osmanarane fleire gonger av Habsburgmonarkiet (1716, 1737, 1789) og Det russiske riket (tre gonger mellom 1768 og 1806). Han kom under russisk administrasjon mellom 1828 og Krimkrigen, bortsett frå periodar under den valakiske revolusjonen i 1848 og då austerrikske troppar inntok byen etter at russarane reiste frå staden. Dei var i byen fram til mars 1857. I mars 1847 førte ein brann til tapet av 2000 bygningar og ein tredjedel av byen vart øydelagd. Det sosiale skiljet mellom rike og fattige i byen vart på denne tida skildra av Ferdinand Lassalle som ein «ukultivert lapskaus».

I 1861 slo Valakia og Moldavia seg saman og dannar Dei donauske fyrstedøma eller Fyrstedømet Romania og Bucureşti vart hovudstad i den nye nasjonen. I 1881 vart han det politiske senteret i det nyoppretta Kongedømet Romania. På andre halvdel av 1800-talet auka folketalet kraftig og byen utvikla seg urbant.

Mellom 6. desember 1916 og november 1918 vart han okkupert av tyske troppar og hovudstaden vart flytta i eksil til Iaşi. Etter den første verdskrigen Bucureşti vart Bucureşti hovudstad i Stor-Romania. Som hovudstad i eit land av Aksemaktene vart han kraftig bombardert under den andre verdskrigen av dei allierte] og 23. august 1944 vart det utført eit statskupp som førte Romania over på den andre sida i krigen. Som hemn vart byen kraftig bombardert av Luftwaffe. 8. november 1945, på kongen sin bursdag, slo den sovjetstøtta regjeringa til Petru Groza tilbake eit opprør som støtta kongen av Romania.

Under Nicolae Ceauşescu sitt styre (1965-1989) vart den mest historiske delen av byen øydelagd og byta ut med bygningar i kommuniststil, særleg høge leilegheitsblokker. Det beste dømet på dette er utviklinga som vart kalla Centrul Civic, som inkluderte bygginga av Parlamentpalasset, der ein heil historisk bydel vart jamna med jorda for å gje plass til Ceauşescu sine stormannsgale konstruksjonar. I 1977 råka eit særs kraftig (7,4 på Richterskalaen) jordskjelv byen. 1500 menneske mista livet og mange gamle bygningar vart øydelagd. Nokre historiske nabolag har likevel overlevd fram til i dag.

Den rumenske revolusjonen i 1989 byrja med store anti-Ceauşescu-protestar i Timişoara i desember 1989 og heldt fram i Bucureşti, noko som førte til at kommunistregimet vart styrta. Studentforbund og opposisjonsgrupper organiserte protestar på stor skala i 1990, sidan dei ikkje var nøgd med det nye styret til Nasjonal Frigjeringsfront. Opprøret vart hardt slått ned av gruvearbeidarane i Valea Jiului. Fleire andre opprør følgde og regjeringa vart til slutt byta ut.

Etter 2000 har byen vorte modernisert i takt med den økonomiske oppsvingen i Romania. Det historiske senteret i byen vert kraftig restaurert, medan det er kraftig utbygging på både bustad- og handelssektoren.

Avtalar signert i Bucureşti
28. mai, 1812, etter den russisk-tyrkiske krigen 1806-1812
3. mars 1886, etter den serbisk-bulgarske krigen
10. august 1913, etter den andre balkankrigen
4. august 1916, allianseavtale mellom Romania og Ententemaktene
6. mai 1918, avtale mellom Romania og Sentralmaktene

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bucureşti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketal i Romania 11. juli 2007
  2. Bucureşti reiseguide, Fodors
  3. Bucureşti, vesle Paris.
  4. Bucica, 2000, p.6.
  5. PriceWaterhouseCoopers Global Regional rapport i Romania