Budal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Budal er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sør-Trøndelag fylke, frå 1837 ein del av Støren formannskapsdistrikt.

Budal vart skilt ut som eigen kommune i 1879. Kommunen hadde då 585 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart Budal slegen saman med Singsås, Soknedal og Støren kommunar til den nye Midtre Gauldal kommune. Budal hadde ved samanslåinga 529 innbyggjarar. Enodd var det tidlegare kommunesenteret i Budal kommune. Ved Enodd møtest elvane Bua i Sørtrøndelag (som har gjeve Budal namnet) og Ena. På Enodd ligg trevareverksemda Budalsmøbler AS.