Fødselsdagen til Buddha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Buddha sin fødselsdag)
Fødselen til Buddha i eit japansk relieff.
Feiring av fødselsdagen til Buddha som wesak i Malaysia.
Foto: Kamal Sellehuddin
Dragelanterne til høgtidsferinga i Sør-Korea.
Foto: Paul Canning

Fødselsdagen til Buddha er høgtider som blir feira på fleire tidspunkt og under fleire namn innan ulike delar av buddhismen. Feiringa markerer fødselsdagen til Siddhartha Gautama, seinare kjend som Buddha, og i nokre høve også oppvakninga hans (parinirvana).

Innan fleire delar av buddhismen feirar ein ofte fødselsdagen til Buddha som vaisakha eller vesak. Dette gjeld til dømes buddhistar i India, Nepal, Singapore, Vietnam, Thailand, Kambodsja, Malaysia, Sri Lanka, Myanmar, Indonesia og Taiwan. Innan theravadabuddhismen omfattar denne feiring også dødsdagen og oppvakninga til Buddha. I indisk tradisjon feirar ein gjerne hendinga i heile månaden vaisakha, med sjølve fødselsdagen markert som Buddha purnima eller vaishakh purnima.

I austasiatisk tradisjon feirar ein ofte fødselsdagen den åttande i fjerde etter den kinesiske månekalenderen, tilsvarande ein dag i mai i den vestlege kalenderen. Dette er ein offentleg høgtidsdag i Hong Kong, Macao og Sør-Korea. På kinesisk heiter dagen fó dàn (pinyin, kinesisk skrift 佛誕) og på koreansk seokga tansinil (석가탄신일), 'dagen Buddha kom'.

Nokre stader i Søraust-Asia feirar ein dagen ei veke seinare, den femtande i fjerde, ved fullmåne. Dette er ein offentleg høgtidsdag i Malaysia, Singapore, Thailand og Vietnam. På thai er dagen kjend som visakha puja og på vietnamesisk som Lễ Phật đản.

I Japan feirar ein fødselsdagen, hanamatsuri, fast etter den gregorianske kalenderen den 8. april kvart år. Dette er ikkje ein offentlege høgtidsdag, men ei tempelfeiring.

År Austastiatisk dato
(8.4. i kinesisk kalender)
Søraustasiatisk dato
(15.4. i kinesisk kalender)
2003 8. mai
2004 26. mai
2005 15. mai
2006 5. mai
2007 24. mai
2008 12. mai 19. mai
2009 2. mai 8. mai
2010 21. mai 27. mai
2011 10. mai
2012 28. mai
2013 17. mai
2014 6. mai
2015 25. mai

Kjelder[endre | endre wikiteksten]