Buddhistisk lama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lama er ein tittel innan tibetansk buddhisme som blir brukt om religiøse lærarar, tilsvarande sanskritnemninga guru.[1]

Det tibetanske ordet er bla-ma (tibetansk skrift བླ་མ) som tyder 'den opphøgde',[2] 'hovding' eller 'øvsteprest'.[3]

Nemninga kan brukast for ein munk eller ei nonne for å visa kva andeleg nivå dei er på, eller som del av ein tittel for ein lama som frivillig blir gjenfødd (tulku), til dømes Dalai Lama eller Panchen Lama.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.