Buenaventura

Koordinatar: 3°52′38″N 77°1′36″W / 3.87722°N 77.02667°W / 3.87722; -77.02667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buenaventura
Byvåpenet til Buenaventura
Styresmakter
Land Colombia
Geografi
Flatevidd 6 078 km²
Flatevidd
 - By

6 078 km²
Innbyggjarar
 - By (2013 estimat)

339 356
Koordinatar 3°52′38″N 77°1′36″W / 3.87722°N 77.02667°W / 3.87722; -77.02667
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 224
Heimeside: http://www.buenaventura.gov.co/
Nettstad: www.Buenaventura.gov.co

Buenaventura er ein hamneby i Valle del Cauca-departementet i Colombia. Buenaventura, spansk for 'lukke', er den viktigaste hamna på den colombianske stillehavskysten.[1]

Frå hamna i Buenaventura
Foto: Wikimedia-brukar Jimysantandef

Buenaventura er ein by med ein folkesetnad på 292 947[2] etter folketeljinga i 2005, og det meste av arealet av kommunen er landleg med spreidde små landsbyar. Folkesetnad er hovudsakleg av afrikansk avstamming (85 %) med 10 % blanda europeisk og urfolk og 5 % av spansk avstamming.

Byen vart grunnlagt 14. juli 1540. På den tida levde buscaja-indianarar i området og byen vart øydelagt av indianarar før 1600 og seinare gjenbygd. Buenaventura blomstra etter opninga av Panamakanalen i 1914. Per 2011 var byen prega av fattigdom og vald, og rekna som eit senter for kokainhandel i Colombia.[3]

Buenaventura har ein av dei største hamnene på kontinentet, står for om lag halvparten av all colombiansk import og eksport over havet,[4] og ca. 80 % av all kaffieksport frå landet går over hamna.[5] Men byen har vore hemma av gjengrelatert aktivitet slåst om kontroll av hamna, noko som gjer han til ein av dei farlegaste og fattigaste byane i Colombia.

Buenaventura har historisk rykte for å vere plaga av dei colombianske væpna konfliktane, narkotikahandel, vald, og nærvere av gerilja og paramilitære grupper.[6] På grunn av valden i Buenaventura skreiv New York Times ein artikkel med tittelen Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City .[7]

Buenaventura ligg ca. 30 kilometer frå den vestlege cordilleraen av Andes og langs bilveg ca. 145 kilometer frå den store byen Cali, hovudstaden i Valle del Cauca-departementet.[5] Buenaventura er ein av dei mest regnfylte byane i verda med 6000-7000 mm årleg nedbør. Middeltemperaturen over døgnet varierer lite gjennom året og ligg på ca. 26 °C.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Los Angeles Times Colombian crackdown appears to be paying off 21. september 2009, henta 8. mai 2015
  2. archive.is Buenaventura population figures henta 8. mai 2015
  3. BBC News Drug submarines: Colombia's underwater cocaine traffic, 27. april 2011, henta 8. mai 2015
  4. Financial Times nettavis Lawless Colombia port to play key role in Pacific Alliance 1. april 2014, henta 8. mai 2015
  5. 5,0 5,1 Devereux, Charlie (2008). Colombia handbook. Footprint. s. 291-292. 
  6. BBC News Colombian port city terrorised by criminal gangs 20. mars 2014, henta 8. mai 2015
  7. Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City 22. mai 2007, henta 8. mai 2015
  8. «Climate of Buenaventura -Table of Values» (på spansk). Instituto de Hidrologia Meteorologia y Estudios Ambientales. Henta 8. mai 2015.