Buholmråsa fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buholmråsa fyrstasjon
Buholmråsa fyrstasjon  Foto: MeRyan
Buholmråsa fyrstasjon

Foto: MeRyan

Fylke Sør-Trøndelag
Kommune Osen
Funksjon Leifyr
Oppretta 1917
Koordinatar 64°24.0987′N 10°27.1747′EKoordinatar: 64°24.0987′N 10°27.1747′E
Fyrtårn
Høgd 23,5 m
Form Raudt tårn med eitt kvitt belte
Byggjemateriale Støypejern
Fyrlys
Lyskarakter Okkulterande kvart 6. sekund
Lyshøgd 36,0 moh
Lysvidde 17,1 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1994
Avfolka 1994
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Buholmråsa fyrstasjon er eit fyr som ligg vest av Sætervik i Osen kommune i Sør-Trøndelag. Fyret er med på å markere sørenden for det opne havområdet Folda.

Buholmråsa fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Buholmråsa fyrstasjon

Fyret vart oppretta i 1916 og har ei høgd på 23,5 meter. Fyret lys 17,1 nautiske mil. Sjølve fyrtårnet er i støypejern og er måla raudt med eit kvitt belte. I 1965 vart det oppretta radiofyr med ei rekkevidde på 1,13 nautiske mil og morseteikn B.

Den opphavlege linsa er framleis i bruk. Fyrstasjonen vart utsett for flyåtak under den andre verdskrigen og har derfor bygningar frå to periodar. Området er fuglelivsfreda etter lov om naturvern, medan sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt har hatt ein vêrstasjon på Buholmråsa fyr sidan november 1965. Stasjonen ligg 18 meter over havet og har synopnummer 01259.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 0,5 0,7 1,9 4,0 8,0 10,8 12,5 13,0 10,7 7,5 3,9 1,6 6,3
Nedbør (mm) 79 64 61 56 43 49 65 71 100 106 86 90 870

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]